Bnei Darom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°49′13.43″N 34°41′31.2″E
Bnei Darom
בְּנֵי דָּרוֹם
landsby
PikiWiki Israel 10158 entrance to bnei darom.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Yavne
Koordinatar 31°49′13.43″N 34°41′31.2″E
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av tidlegare innbyggjarar frå Kfar Darom
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bnei Darom

Bnei Darom (hebraisk skrift בְּנֵי דָּרוֹם, tyder Søner frå sør) er ein religiøs moshav shitufi sentralt i Israel. Han ligg nær Middelhavskysten og høyrer til Hevel Yavne regionale kommune. I 2006 hadde han 400 innbyggjarar.

Bnei Darom vart grunnlagd i 1949 av medlemmar av gar'in-gruppa Netivot Kfar Darom, som vart tvungen ut av kibbutzen Kfar DaromGazastripa då denne var okkupert av den egyptiske hæren under den arabisk-israelske krigen i 1948. Dei vart med i ei anna gar'in-gruppe, Morasha frå USA, men dei fleste medlemmane var ikkje førebudd for kibbutzen-livsstilen i moshav shitufi og forsvann. Somme av dei danna Beit Hazon. Dei høyrte opphavleg til Hapoel HaMizrachi, men vart med i Den religiøse kibbutzrørsla som ein moshav shitufi i 2007.

Bnei Darom vart grunnlagd like aust for den tidlegare palestinske landsbyen Arab Suqrir, som vart avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948, men på landområde som høyrte til Isdud, i følgje Walid Khalidi.[1] I følgje Andrew Petersen ligg Bene Darom på landområdet til Arab Suqrir,[2] med restane av ein khan i skogparken like ved vasstårnet til den israelske busetjinga.[2] Ruinane av khanen vart først skildra av Victor Guérin, som inspiserte dei i 1863, og som skreiv følgjande:

Denne ruinen av det som er ein khan, har no velta. Han er 60 steg lang og 37 brei. Han har ei cisterne og eit lite magasin, som ikkje er blitt øydelagd enno. Nedanfor haugen der ruinane ligg, såg eg i aust eit reservoar og ein viadukt, ein brunn som delvis har falle saman, men godt bygd. Ein kanal, som det berre i dag er spor av, førte vatn frå reservoaret til ein fontene, som no er øydelagd.[2][3]

Staden vart registrert som «eit eldgamalt monument» under Palestinamandatet, men eigarar fekk lov å byggje eit reservoar på 20 kvadratmeter innafor khan-området.[4]

I 2002 vart det gjort utgravingar i moshaven som avdekte funn frå mamelukktida.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Khalidi, 1991, s. 81
  2. 2,0 2,1 2,2 Petersen, 2001, s. 287
  3. Guérin, 1869, s.79 - 80, as given in translation by Conder og Kitchener, 1882, II, s.425 - 426
  4. ATG/284 (=Antiquities Reports (held i Palestina Archaeological Museum)), cited on Petersen, 2001, s. 287
  5. Barkan, 2006, Bene Darom Final Report

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]