Bojan Križaj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bojan Križaj
Statsborgarskap Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 3. januar 1957
Kranj
Idrett alpint
Yrke alpinist, forretningsdrivande

Bojan Križaj (fødd 3. januar 1957) er ein slovensk tidlegare skirennar frå Kranj som representerte Jugoslavia. Han fekk sølvmedaljen i slalåm i alpin-VM 1982 og vann FIS-pokalen som beste slalåmrennar i 1987-sesongen. Križaj vann åtte renn i verdscupen i tida 1980-87.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Križaj VM-debuterte i 1974 og vart nummer 13 i slalåm. I desember 1977 fekk han si fyrste pallplassering i verdscupen i alpine greiner, med tredjeplass i slalåmrennet i Madonna di Campiglio.

Frå 1979-sesongen høyrde han med i verdseliten i både slalåm og storslalåm. Men han måtte vente til Lauberhornrenna i Wengen den 20. januar 1980 før han makta å tukte sin sterkaste konkurrent, svenske Ingemar Stenmark, som då vart slått med 17 hundredels sekund i slalåmtevlinga. Det var fyrste gongen ein utøvar frå Jugoslavia sigra i eit renn i verdscupen i alpine greiner.

Under Vinter-OL 1980 i Lake Placid enda Križaj på fjerdeplassen i storslalåm, to hundredels sekund bakom bronsemedaljøren, austerrikaren Hans Enn. To år seinare tok han sølvmedaljen i slalåmrennet under VM i alpine greiner 1982 i Schladming, atter ein gong bakom Ingemar Stenmark. I storslalåm vart Križaj nummer sju. Under dei olympiske leikane 1984 i Sarajevo måtte han nøye seg med ein niandeplass i storslalåm.

I 1987-sesongen deltok Križaj berre i slalåm i verdscupen. I sju av dei ni slalåmrenna var han mellom dei fire beste, og med fem pallplassar, av dei to sigrar, vann han slalåmcupen i verdscupen i alpine greier 1987, alle dei andre greinene for menn vart vunne av sveitsaren Pirmin Zurbriggen.

Frå 1980 til 1987 vann Križaj åtte renn i verdscupen, alle i slalåm. Då han la opp i 1988 hadde han 33 gongar stått på pallen etter verdscuprenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar