Boy Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boy Blue
av Electric Light Orchestra
frå albumet Eldorado
B-side «Eldorado»
Utgjeve April 1975 (US)
Innspelt 1974 De Lane Lea Studios
Sjanger Progressiv rock
Lengd 5:19 (album)
4:13 (singel)
Selskap United Artists
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
«Can't Get It Out of My Head»
(1974)
Boy Blue «Evil Woman»
(1975)


«Boy Blue» er ein song skriven av Jeff Lynne og framført av Electric Light Orchestra (ELO). Songen kom først ut som spor nr. 3 på albumet deira Eldorado i 1974.

Albumversjonen starta med ein barokk-aktig horn-fanfare – som minnar om Jeremiah Clarke sin «Prince of Denmark's March» (kring 1700) — og så utviklar seg til ein minimoog-sekvens, før sjølve songen byrjar. Songen inneheld ein solo midtvegs av dei tre strykeinstrumentalistane i bandet. Mot slutten av songen tonar strykeinstrumenta brått ut, og førar rett inn i fjerde sporet på albumet, «Laredo Tornado».

Bassisten Mike de Albuquerque spelar på songen, men det er ukjend kor mange andre songane på albumet han spelar på, fordi han slutta under innspelinga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Ein song om ein allerobrande helt frå mellomalderen.»Jeff Lynne (Eldorado 2001).

Songen er ein antikrigssong sett til krossfarartida og dannar den andre draumen i det som er historia på Eldorado. Han fortel ei soge om ein helt som kjem attende etter ei lang reise i krig og den begeistra velkomsten han får frå byfolket. Boy Blue, karakteren i songen, avviser heltefeiringa og erklærer hatet sitt mot krig og nektar å ta til våpen igjen.

Songen vart spelt på hyllestalbumet Lynne Me Your Ears av Rick Altizer.[1] Den amerikanske versjonen av singelen manglar fanfaren i starten, delar av mellomspelet og det nest siste refrenget. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men gjekk ikkje inn på salslistene noko stad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Damas, Jason. «Lynne Me Your Ears: A Tribute to the Music of Jeff Lynne – Lynne Me Your Ears : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]