Do Ya av The Move

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Do Ya
Singel av The Move
A-side «California Man»
Utgjeve Juni 1972 (US)
Innspelt 19. desember 1971 i Philips Studios
Sjanger Rock
Lengd 4:06 (album/US singel)
3.16 (UK singel)
Selskap United Artists (US)
Harvest (UK)
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Roy Wood, Jeff Lynne
The Move-kronologi
«California Man»
(1972)
Do Ya


«Do Ya» er ein song skriven av Jeff Lynne og først spelt inn av The Move. Songen vart sidan ein hit for Electric Light Orchestra (leia av Lynne, ELO byrja som eit sideprosjekt for The Move) i 1976.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songenv art skriven av Jeff Lynne i 1971, og han var ein av to songar som vart gjeven ut på B-sida til den britiske hitsingelen «California Man» av The Move (den andre var Roy Wood sin «Ella James"). I USA vart B-sida meir populær enn B-sida og nådde 93. plassen på singellista der.[1] Songen heitte opphavleg «Look Out Baby, There's a Planet Comin'» (som vert sungen av Wood på slutten av songen). Songen vart sidan gjeven ut i 2005 på den nymastra utgåva av Message from the Country.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
US Billboard Hot 100[1] 93

Electric Light Orchestra-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Do Ya
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet A New World Record
B-side «Nightrider»
Utgjeve Februar 1977 (US)
Innspelt 1976 Musicland Studios, München
Sjanger Hardrock, symfonisk rock
Lengd 3:47
Selskap Jet/United Artists
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
«Rockaria!»
(1977)
Do Ya «Telephone Line»
(1977)


Electric Light Orchestra (ELO) byrja å spele «Do Ya» på konsertane sine med Lynne på vokal i 1973-1975, og dei spelte han så inn for albumet A New World Record i 1976. I eit intervju frå 1978 på australsk radio vart Bev Bevan spurt om kvifor songen vart spelt inn på ny. Han sa då at bandet ein gong hadde fått spørsmål frå ein journalist om kva dei syns om den «originale versjonen av songen av Todd Rundgren». Dei valte då å spele inn songen med ELO slik at alle fekk vite at det var ein Jeff Lynne-song.

Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Tysk Media Control-liste[3] 42
US Billboard Hot 100[4] 24
US Cash Box Top 100 Singles 16
US Record World Singles[5] 25
US Radio & Records (R&R)[6][7] 27

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen inspirerte Tom Petty til å skrive den amerikanske hitsingelen «Change of Heart» i 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Move - Chart history: Hot 100». Billboard. Henta 13. februar 2015. 
  2. «Releases : elo - Mr. Blue Sky - The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 13. februar 2015. 
  3. «charts.de - Electric Light Orchestra». charts.de. Henta 13. februar 2015. 
  4. «Electric Light Orchestra - Awards». AllMusic. Henta 12. februar 2015. 
  5. Hawtin, Steve. «Song artist 171 - Electric Light Orchestra». Tsort.info. Henta 13. februar 2015. 
  6. ELO
  7. Charts!
  8. Erlewine, Stephen Thomas (2011). «Another Live - Utopia | AllMusic». allmusic.com. Henta 13. februar 2015. 
  9. Franck, John. «Trouble Walkin' - Ace Frehley : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015. 
  10. Thomas, Stephen. «Live From 6A: Late Night With Conan O'Brien - Various Artists : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015. 
  11. Fink, Matt. «Slacker Ways - Moods for Moderns : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015. 
  12. Damas, Jason. «Lynne Me Your Ears: A Tribute to the Music of Jeff Lynne - Lynne Me Your Ears : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015. 
  13. «Homemade Spaceship: The Music of ELO - P. Hux : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 13. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]