10538 Overture

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
10538 Overture
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet The Electric Light Orchestra (No Answer)
B-side «First Movement (Jumping Biz)»
Utgjeve 23. juni 1972 (UK)
29. juli 1972 (US)
Innspelt 1970–1971 Phillips Studios
Sjanger Cellorock, symfonisk rock
Lengd 5:32 (album), 4:04 (singel)
Selskap Harvest
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Roy Wood, Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
10538 Overture «Roll Over Beethoven»
(1973)


«10538 Overture» er ein song frå 1971 av The Electric Light Orchestra (ELO) og den første singelen dei gav ut.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen, som var skriven av Jeff Lynne, var først meint å vere ei B-side til ein av singlane til The Move. Rick Price frå The Move spelte på bass på originalen, men bassporet hans vart fjerna og spelt inn på ny av Lynne. Roy Wood og Lynne delte vokalen på songen. Songen handlar om ein fange som har rømd, men Lynne ønskte å gje karakteren i songen eit nummer, då han såg nummer 1053 på miksepulten. Wood meinte at med talet 8 til slutt ville det høyres betre ut. Songen var meint å bli ein ny song av The Move, fram til Wood la på fleire lag med cello og The Electric Light Orchestra (ELO) vart fødd. Det var medan denne singelen låg inne på singellista at Wood forlet ELO og i staden starta eit nytt band kalla Wizzard.

B-side[endre | endre wikiteksten]

B-sida til «10538 Overture» var «First Movement (Jumping Biz)», ein instrumental av Wood. Songen kom først ut på debutalbumet til bandet, The Electric Light Orchestra i 1971 og vart B-sida til «10538 Overture» med Wood på klassisk gitar og cello.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Fransk SNEP singelliste 5
Nederlandsk topp 40[1] 24 (tip)
UK Singles Chart[2] 9

Jeff Lynne spelte inn songen på ny og gav han ut på eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar i 2012.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt av Bobby Sutcliff og Mitch Easter i 2001, av Parthenon Huxley i 2005,[4] og av Def Leppard i 2006 på coveralbumet Yeah!.[5] Gitarriffet i songen vart òg nytta av Paul Weller i 1995 på singelen «The Changingman». Hovudriffet er òg særs likt opningsakkordane på Travelling Wilbury-songen «Handle With Care».

I mars 2007 vart songen nytta under rulleteksten på den femte episoden av andre sesongen av Life on Mars.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Top 40: Electric Light Orchestra - 10538 Overture». Top40.nl. Henta 12. februar 2015. 
  2. «Electric Light Orchestra». Offfical Charts Company. Henta 12. februar 2015. 
  3. «Releases : elo - Mr. Blue Sky - The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 28 February 2013. 
  4. «Homemade Spaceship: The Music of ELO - P. Hux : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 28 February 2013. 
  5. Thomas, Stephen. «Yeah! - Def Leppard : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 28 February 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]