Nightrider av Electric Light Orchestra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nightrider
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet Face the Music
A-side

«Do Ya»

B-side

«Daybreaker» (Live)

Språk engelsk
Utgjeve 19. mars 1976 (UK)
Februar 1977 (US)
Innspelt 1975 Musicland Studios, München, Germany
Sjanger Rock
Lengd 4:25 (album)
3.45 (UK singel)
Selskap Jet (UK)
Jet/United Artists (US)
Komponist Jeff Lynne
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Strange Magic»
(1976)
Nightrider «Livin' Thing»
(1976)


«Nightrider» er ein song frå Electric Light Orchestra-albumetFace the Music.

Songen er kalla opp etter det første store bandet Lynne spelt i, The Nightriders. Dette var den tredje singelen frå albumet etter «Evil Woman» i 1976. B-sida på singelen var eit konsertopptak av «Daybreaker» frå konsertalbumet The Night the Light Went On in Long Beach frå 1974.[1] Trass i at ELO no var blitt ganske så populær, gjekk ikkje songen inn på salslistene. Songen vart òg gjeven ut som B-side til den amerikanske hitsingelen «Do Ya».[2]

Mellom 3:16 og 3:19, på songen er det ein strykar-crescendo som vart nytta om att baklengs (frå 2:40 til 2:44) på ein annan song på albumet, «Evil Woman».

«Eg tok den høge strykardelen på Nightrider som klatrar opp til eit klimaks, og nytta det baklengs på Evil Woman med stor effekt. Eg vart sjokkert over kor bra det passa inn.» - Jeff Lynne (Face The Music-omslaget)

Under konsertversjonen av songen, bytta Jeff Lynne og Kelly Groucutt på vokalen under songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Electric Light Orchestra - Nightrider (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 13. februar 2015. 
  2. «Electric Light Orchestra - Do Ya (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 13. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]