Brakksvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Brakksvale

Status i verda: LC Livskraftig

BrakksvaleFoto: Dûrzan cîrano
Brakksvale
Foto: Dûrzan cîrano
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Glareolidae
Slekt: Glareola
Art: G. pratincola
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Glareola pratincola

Brakksvale (Glareola pratincola) er ein fugl i brakksvalefamilien ned leveområde i dei varmare delane av Europa, sørvestre Asia og i Afrika.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brakksvale i flukt på Lesbos, Hellas
Foto: Daniel Pettersson

Denne arten er 24-28 centimeter lang med 60-70 cm vengespenn. Brakksvala har korte bein, lange spisse venger, ein lang gaffeldelt stjert, og kort nebb, noko som er ei tilpassing for effektiv beiting i lufta. Ryggen og hovudet er brune, og vengene er brune med mørkare svingfjører. Buken er kvit. Undersida av vengene er kastanjefarga, men ser mørke ut.

Ein treng mykje gode observasjonar for å skilje denne arten frå andre artar i brakksvalefamilien, til dømes steppebrakksvale og orientbrakksvale, som begge kan førekomme i steppebrakksvala sitt utbreiingsområde. Sistnemnde art har òg ein kastanjefarga underveng, men med kortare halefjører.

Brakksvala hekkar i lause koloniar på sletteland eller opne område med låg vegetasjon, reiret med dei 2-4 egga ligg på bakken.

Medlemmene av brakksvalefamilien er uvanlege blant vade-, måse- og alkefuglar i det at dei vanlegvis jaktar insekt i flukt nett som svaler, sjølv om dei òg kan finne føde på bakken.

Brakksvala er ein fugl i ope land, og blir ofte sett i nærleiken av vatn på kveldstid når ho jaktar insekt. Ho er ein trekkfugl med hekkeområde rundt middelhavsområdet, Svartehavet og austover til Asia aust for Det kaspiske havet. Ho overvintrar i tropisk Afrika, og treffast sjeldan nord for hekkeområdet. Det er rapportert funn av 5 brakksvaler i Noreg i perioden frå 1976 til juni 2014.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Etter http://artsobservasjoner.no/fugler/default.asp henta 1. juni 2014. Siste observasjon i Noreg skjedde på Bolga i 29-30. mai 2014[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brakksvale