Hopp til innhald

Brannlilje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brannlilje
Brannlilje
Brannlilje
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Liljeordenen Liliales
Familie: Liljefamilien Liliaceae
Underfamilie: Lilioideae
Slekt: Liljeslekta Lilium
Art: Brannlilje L. bulbiferum
Vitskapleg namn
Lilium bulbiferum

Brannlilje (Lilium bulbiferum) er ei plante i liljeslekta i liljefamilien.[1] Arten kjem frå fjellområde i Mellom- og Sør-Europa.[2]

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og truleg var forvilla alt tidleg på 1700-talet. Arten er bufast og naturalisert i berg og grasmark. Han veks spreidd på Austlandet og i kyststrøk til Møre, svært spreidd lenger nord.[2]

Ettersom arten var etablert i norsk natur før år 1800, blir han ikke risikovurdert som framandart, men blir rekna som livskraftig (LC) i vurderinga for Raudlista 2021.[3]

  1. «Artsdatabanken: Brannlilje». Artsdatabanken. Henta 30. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 185–186. 
  3. «Raudlista: Brannlilje». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 30. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]