Liljeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilje
LiliumBulbiferumCroceumBologna.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Liliales
Familie: Liliaceae
Underfamilie: Lilioideae
Slekt: Lilje Lilium
L., 1753

Liljeslekta (Lilium) er ei slekt av laukplantar som gjev store blomar. Ho er utbreidd i Eurasia og Nord-Amerika.

Plantane veks i store delar av Europa og Asia sørover til Nilgirifjella i India og Filippinane. I Amerika finn ein dei sør i Canada og i store delar av USA.

Dei store, prangande blomane har seks kronblad, ofte lukt, og finst i ei rekkje fargar frå kvitt til gult til raudt. Dei kan vera einsfarga eller mønstra.

Liljelaukar er stiverike og kan etast som rotfrukter, men mange av dei har ein bitter smak. Laukar som ikkje er bitre, som L. lancifolium, L. pumilum og særleg L. brownii, blir dyrka i stor skala i Kina som luksus- eller helsemat som hovudsakleg blir seld i tørka tilstand. Desse blir særleg etne om sommaren fordi dei har ein kjølande effekt på kroppen.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Liljeslekta kan delast inn i seksjonar som her følgjer Comber.[1] Artsinndelinga følgjer World Checklist of Selected Plant Families,[2] medan taksonomien til seksjonen Pseudolirium er frå Flora of North America,[3] den til Liriotypus har teke med Resetnik et al. 2007,[4] taksonomien til kinesiske artar følgjer Flora of China[5] og taksonomien til Sinomartagon og Archelirion følgjer Nishikawa et al.[6][7]

Dei sju seksjonane er:

  • Martagon
  • Pseudolirium
  • Liriotypus
  • Archelirion
  • Sinomartagon
  • Leucolirion
  • Daurolirion

Nokre artar som tidlegare var med i liljeslekta er blitt flytt til andre slektar. Dette gjeld mellom anna Cardiocrinum, Notholirion, Nomocharis og Fritillaria.

Annan bruk av ordet «lilje»[endre | endre wikiteksten]

Lilje blir òg brukt om store blomar i andre slekter, då gjerne i ei samansetjing, som vasslilje.

Kvinnenamn som Lilja, Lily og Susanna tyder 'lilje'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harold Comber, 1949. "A new classification of the genus Lilium." Lily Yearbook, Royal Hortic. Soc., London. 15:86–105.
  2. Govaerts, R., World Checklist of Selected Plant Families (The Board of Trustees of the Royal Botanic Gardens, Kew.) http://www.kew.org/wcsp/home.do, henta 3. februar 2013  Missing or empty |title= (hjelp)
  3. Flora of North America, Vol. 26, Online
  4. Resetnik I., Liber Z., Satovic Z., Cigic P., Nikolic T. (2007). «Molecular phylogeny and systematics of the Lilium carniolicum group (Liliaceae) based on nuclear ITS sequences». Plant Systematics and Evolution 265: 45–58. doi:10.1007/s00606-006-0513-y. 
  5. Flora of China, Vol. 24, eFloras.org
  6. Nishikawa Tomotaro, Okazaki Keiichi, Arakawa Katsuro, Nagamine Tsukasa (2001). «Phylogenetic Analysis of Section Sinomartagon in Genus Lilium Using Sequences of the Internal Transcribed Spacer Region in Nuclear Ribosomal DNA». 育種学雑誌 Breeding science 51 (1): 39–46. doi:10.1270/jsbbs.51.39. 
  7. Nishikawa Tomotaro, Okazaki Keiichi, Nagamine Tsukasa (2002). «Phylogenetic Relationships among Lilium auratum Lindley, L. auratum var. platyphyllum Baker and L. rubellum Baker Based on Three Spacer Regions in Chloroplast DNA». 育種学雑誌 Breeding science 52 (3): 207–213. doi:10.1270/jsbbs.52.207. 
  8. «Lilium pyrophilum in Flora of North America @». Efloras.org. Henta 3. februar 2013. 
  9. «Lilium philippinense (Benguet lily)». Shoot Limited. Henta 10 February 2015. 
  10. «Park personnel rear vanishing Benguet lily». Sun.Star Baguio. 13 August 2013. Henta 10 February 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]