Brendan Foster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brendan Foster
Brendan Foster 1972.jpg
Fødd 12. januar 1948
Hebburn
Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløper, maratonløpar
Brendan Foster på Commons

Brendan Foster (fødd 12. januar 1948) er ein britisk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Hebburn i Tyne and Wear. Han vart europameister på 5000 meter i 1974, og fekk bronsemedaljen på 10 000 meter i dei olympiske leikane 1976.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Foster vart nummer tre på 1500 m under samveldeleikane 1970 i Edinburgh på tida 3.40,6, bakom Kipchoge Keino frå Kenya og Dick Quax frå New Zealand. Også under europameisterskapen i Helsingfors i 1971 fekk han ein bronsemedalje, på ny personleg rekord 3.39,2, då bakom Francesco Arese frå Italia og polske Henryk Szordykowski. Under dei olympiske leikane i München i 1972 kom han på femteplass på 1500 m med tida 3.39,0, i ein sesong der han forbetra den personlege rekorden til 3.38,2.

Frå 1973-sesongen satsa Foster på langdistansane. På nyåret 1974 vart han andremann på 5000 meter under samveldeleikane i Christchurch på den sterke tida 13.14,6, einast 0,3 sekund bakom kenyanaren Ben Jipcho. Ved opninga av det nye friidrettsstadion i Gateshead 3. august 1974 sette Foster verdsrekord på 3000 meter med 7.35,2. Vel ein månad seinare vann han ein suveren siger på 5000 meter i friidretts-EM i Roma på 13.17,2, nesten sju sekund føre Manfred Kuschmann frå Aust-Tyskland og Lasse Virén frå Finland.

Mot slutten av 1975-sesongen debuterte Foster på 10 000 m på stadion til fotballklubben Crystal Palace i London. Tida 27.45,4 førte han opp på sjuandeplass på verdsstatistikken på distansen, einast 15 sekundar bak verdsrekorden til landsmannen David Bedford.

Under sommarleikane 1976 i Montreal deltok Foster både på 5000 meter og 10 000 meter. På milløpet vann han bronsemdaljen med 27.54,9, slått av Lasse Virén og portugisiske Carlos Lopes. På 5000 meter vart han klokka i mål på 13.26,1 som femtemann, eitt-og-eit-halvt sekund etter gullvinnar Virén.

I byrjinga av august 1978 vann Foster 10 000 meter på 28.13,6 under samveldeleikane i Edmonton, medan han på halvmila vart nummer tre, kenyanarane Henry Rono og Mike Musyoki inntok dei fyrste plassane. Tre veker seinare deltok han på 10 000 m i EM i friidrett 1978 i Praha. Etter ein svært snøgg innspurt måtte han likevel nøye seg med ein fjerdeplass på 27.32,7, 1,7 sekund bakom europameister Martti Vainio.

Foster stilte til sin siste store finale under dei olympiske sommarleikane 1980 i Moskva og vart nummer 11 i på 10 000 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

To av Foster sine personlege rekordar vart sett i 1974. Han fekk då notert 3.37,6 på 1500 m og, som før nemnt, 13.14,6 på 5000 m. 10 000-meterrekorden er frå 1978 og lyder på 27.30,3.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]