Organisasjonen av amerikanske statar
Organisasjonen av amerikanske statar | |
Skipa | 1948 |
---|---|
Hovudkontor | Pan American Union Building |
Leiar | Luis Almagro |
Nettstad | www |

Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) er ein internasjonal organisasjon for dei sjølvstendige statane i Amerika.
OAS omfattar alle dei 35 sjølvstendige statane i Amerika. Likevel vart Honduras utestengd frå aktiv deltaking i OAS i 2009 på grunn av kuppet som fjerna José Manuel Zelaya frå president-tittelen. OAS meiner at dette er ein foreløpig utestengning, og at Honduras kjem til å komme "inn i varmen" igjen når landet har gått tilbake til demokratiet.
Cuba var totalt utestengt frå deltaking i OAS mellom februar 1962 og juni 2009 utifrå eit vedtak på det åttande konsultative møtet i Punta del Este i Uruguay den 31. januar 1962, fordi landet hadde ei kommunistisk regjering. 14 land stemde for 1962-resolusjonen, eitt land mot (Cuba) og seks stemde ikkje (Argentina, Bolivia, Brasil, Chile, Ecuador og Mexico). Cuba kom uansett inn igjen den 3. juni 2009 etter ein rekke samtalar om mellom anna menneskerettar.
Organisasjonen har sete i Washington D.C.
Medlemsland[endre | endre wikiteksten]
Dette er dei 34 aktive medlemslanda i OAS:
Antigua og Barbuda
Argentina
Bahamas
Barbados
Belize
Bolivia
Brasil
Canada
Chile
Colombia
Costa Rica
Cuba
Dominica
Den dominikanske republikken
Ecuador
El Salvador
Grenada
Guatemala
Guyana
Haiti
Jamaica
Mexico
Nicaragua
Panama
Paraguay
Peru
Saint Kitts og Nevis
Saint Lucia
Saint Vincent og Grenadinane
Sambandsstatane
Surinam
Trinidad og Tobago
Uruguay
Venezuela
Land som heilt eller delvis er medlem, men ikkje er aktive[endre | endre wikiteksten]
Honduras (utestengt frå 5. juli 2009)
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Organisasjonen av amerikanske stater» frå Wikipedia på bokmål, den 11. mai 2010.