Bron-Yr-Aur av Led Zeppelin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bron-Yr-Aur
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 2:06
Selskap Swan Song
Komponist Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Page

«Bron-Yr-Aur» er ein akustisk gitarmelodi av det engelske rockebandet Led Zeppelin, og med ei lengd på to minuttar og seks sekund, den kortaste songen dei gav ut. Han vart opphavleg skriven og spelt inn i 1970 av Jimmy Page under innspelinga av albumet Led Zeppelin III, men kom ikkje ut før i 1975Physical Graffiti. Han er kalla opp etter Bron-Yr-Aur, ei hytte i Gwynedd i Wales, der medlemmar i Led Zeppelin kvilte ut under innspelinga av Led Zeppelin III.[1]Bron-Y-Aur Stomp» er ein annan song frå Led Zeppelin III.)

«Bron-Yr-Aur» er eit tankefullt og avslappande stykke og ein av dei siste akustiske songane bandet gav ut. Songen vart sjeldan spelt på konsertane til Led Zeppelin, men finst på enkelte piratkopiopptak frå den amerikanske turneen deira i august og september 1970, då han stundom vart spela som ein del av det akustiske settet deira.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1994: Richard Gilewitz (Voluntary Solitary)
  • 1995: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin)
  • 1998: Top Banana (Before the Balloon Went Up)
  • 2001: Robert John Ward, Jr. (Both Sides of the Story)
  • 2001: Richard DeVinck (Going to California)
  • 2002: The Section (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin, Vol. 2)
  • 2004: Jeff Lawrence (Heart of the Son)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Phil Sutcliffe, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 34.
  2. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.