Buffersone
Buffersone er eit nøytralt område som ligg mellom to eller fleire andre område, ofte ulike land. Avhengig av typen buffersone kan ho ha som føremål å skilja regionar eller samanføya dei. Vanlege typar buffersone er demilitariserte soner, grensesoner og visse restriktive servituttsoner og grøne belte.
Buffersoner kan opprettast av ei rekkje ulike årsaker, som for å hindra vald, verna miljøet, verna bustads- og handelssoner mot negativ påverknad frå industri eller naturkatastrofar, eller for å isolera anlegg som fengsel. Buffersoner resulterer ofte i store regionar som ikkje er folkesette, noko som kan vera uvanleg i mange stadig meir utvikla eller overfylte delar av verda.
Naturvern
[endre | endre wikiteksten]Til bruk i naturvern blir det ofte oppretta ei buffersone for at embetsverket kan forbetra vernet av den biodiversitetsmessige tydinga til eit område. Buffersona i eit verna område kan vera plassert kring periferien av området eller kan vera ei forbindelsessone som bind saman to eller fleire verna område, noko som aukar dynamikken og bevaringsproduktiviteten deira. Ei buffersone kan òg vera ein av dei verna områdekategoriane (t.d. Kategori V eller VI i IUCN-verna område) eller eit klassifiseringsskjema (t.d. NATURA 2000) avhengig av bevaringsmålet.[1] Uttrykket "buffersone" fekk opphavleg ein framtredande plass i vernet av den naturlege og kulturelle arven gjennom bruke av det i etableringa av UNESCO sin verdsarvkonvensjon, og uttrykket var meint å brukast som følgjer:
« | A buffer zone serves to provide an additional layer of protection to a World Heritage property. The concept of a buffer zone was first included in the Operational Guidelines for the implementation of the World Heritage Convention in 1977. In the most current version of the Operational Guidelines of 2005 the inclusion of a buffer zone into a nomination of a site to the World Heritage List is strongly recommended but not mandatory. | » |
Ei buffersone er meint å avverja verknaden av negative miljømessige eller menneskelege påverknader, om han sjølv inneheld naturleg eller kulturell verdi eller ikkje.[3] Tydinga og funksjonen av ei buffersone og nødvendige vernetiltak som kjem av desse er eit relativt nytt konsept innan bevaringsvitskap, og kan variera mykje for kvar stad.[4]
Effektar av buffersoner
[endre | endre wikiteksten]Forbetring av vasskvalitet
[endre | endre wikiteksten]Vasskvalitet i mange land blir forringa på grunn av misbruk av landareal.[5] Sjølv om buffersona dekkjer eit lite område, forbetrar det vasskvaliteten i avrenningsområdet til landbruk kraftig, på grunn av filtreringseffekten det kan ha på næringsstoff i det underjordiske vatnet og overflatevatn.
Fordi landbruksjord gjerne blir sprøyta med mengder pesticid, der ein del kan siva ut i overfladevatn, kan fisk og anna vasslevande liv bli påverka negativt, noko som igjen kan føra til miljøskadar. Vegetasjonsbufferar har vist seg å vera eit effektivt filter for sediment, særleg for sedimentbundne pesticid.[6] Når pesticid blir sprøyta i for store mengda kan det byggast ein vegetasjonsbuffer for å redusera penetrering av pesticid i overflatevatn. Ei buffersone forhindrar òg at tungmetall eller toksin blir spreidde inn i verna område.
Stabilisering av elvebreidder og våtområde
[endre | endre wikiteksten]Når elvebreidder søkk på grunn av planterøter som trengar inn lodrett i det indre av elvebreidda, blir elvesedimentet påverka av desse røtene, og evna til at motstå erosjon er høgare enn utan planterøter. Men når elvebreidder er høgare, trenger ikkje planterøtene djupt ned i jorda, og breidda er ikkje særleg sterk. Urteplanter kan til ein viss grad spela ei rolle, men på lang sikt kan vegetasjonsbuffersoner effektivt løysa problem med vasstandsstiging og vasserosjon.
Adsorpsjonskapasiteten i ei buffersone kan redusera farten av overflateavstrøyming og auka det effektive vassinnhalda i jorda. Ved å auka jorda sitt innhald av organisk materiale og forbetra jordstrukturen kan ei buffersone ha ein positiv innverknad på oppbevaringsevna til jordvatnet. I tillegg gjer planterøter jorda sterkare, at ho kan motstå bølgjer og regnvêr, mildnar erosjonen av elvebreidder ved flaum og styrer effektivt erosjonen av stranda.
Dyreliv og levestader
[endre | endre wikiteksten]Buffersoner langs elver er blitt brukt i mange område for å verna levestadene til mange dyr som blir øydelagde av auka menneskeleg aktivitet. Områda kring buffersona kan danna habitat for mange dyr, og plantar kan bli mat til små vassdyr . Buffersona sjølv kan òg husa ulike aktivitetar for amfibium og fuglar. Plantar og dyr kan migrera eller spreiast som reaksjon på slike buffersoner og dermed auka biodiversiteten i området.
Ei undersøking frå 1998 viste at artsvarieteten og talet på dyr og plantar i vanssløpsoner er høgare enn i andre økosystem.[7] På grunn av evna si til å gje mykje vatn, blaut jord og stabilt klima føretrekk små dyr som Myotis og Martes å leva langs elvebreidder heller enn i kuperte område.[8] Buffersoner kan òg gje eit godt miljø i habitata i høglandet.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ A-Z of Areas of Biodiversity Importance: Buffer Zones
- ↑ «International Expert meeting on World Heritage and buffer zones». UNESCO World Heritage Convention. Henta 24. november 2010. «Background and contents»
- ↑ Martin, Oliver, and Piatti, Giovanna (ed.) World Heritage and Buffer Zones, International Expert Meeting on World Heritage and Buffer Zones Davos, Switzerland 11 – 14 March 2008 (Paris: UNESCO, 2009)
- ↑ Ebregt, Arthur and de Greve, Pol, Buffer Zones and their Management: Policy and Best Practices for Terrestrial Ecosystems in Developing Countries (Wageningen: Netherlands Ministry of Foreign Affairs, 2000)
- ↑ Carpenter, S. R .; Caraco, N. F.; Correll, D. L.; Howarth, R. W.; Sharpley, A. N.; Smith, V. H. (August 1998). "Nonpoint Pollution of Surface Waters with Phosphorus and Nitrogen" (PDF). Ecological Applications. 8 (3): 559. doi:10.2307/2641247. hdl:1813/60811. ISSN 1051-0761. JSTOR 2641247.
- ↑ Syversen, Nina; Bechmann, Marianne (May 2004). «Vegetative buffer zones as pesticide filters for simulated surface runoff». Ecological Engineering 22 (3): 175–184. ISSN 0925-8574. doi:10.1016/j.ecoleng.2004.05.002.
- ↑ Sturtevant, Brian R (October 1998). «A model of wetland vegetation dynamics in simulated beaver impoundments». Ecological Modelling 112 (2–3): 195–225. ISSN 0304-3800. doi:10.1016/s0304-3800(98)00079-9.
- ↑ Doyle, A. T. (20. februar 1990). «Use of Riparian and Upland Habitats by Small Mammals». Journal of Mammalogy 71 (1): 14–23. ISSN 1545-1542. JSTOR 1381312. doi:10.2307/1381312.
- ↑ Burke, Vincent J.; Gibbons, J. Whitfield (December 1995). «Terrestrial Buffer Zones and Wetland Conservation: A Case Study of Freshwater Turtles in a Carolina Bay». Conservation Biology 9 (6): 1365–1369. ISSN 0888-8892. doi:10.1046/j.1523-1739.1995.09061365.x.
- «Buffer Zone». Theidioms.com. The Idioms Dictionary. November 28–29, 2006. Henta 28 Sep 2020.
- «World Heritage and Buffer Zones Patrimoine mondial et zones tampons» (PDF/Adobe Acrobat 3.76 MB). International Expert Meeting on World Heritage and Buffer Zones, Davos, Switzerland 11–14 March 2008. World Heritage Centre. Henta 24 Nov 2010. «Buffer zones are an important tool for conservation of properties inscribed on the World Heritage List. All along the history of implementation of the World Heritage Convention, the protection of the “surroundings” of the inscribed properties was considered an essential component of the conservation strategy, for cultural and natural sites alike.»
- Denne artikkelen bygger på «Bufferzone» frå Wikipedia på dansk, den 30. august 2021.