Bybeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bybeltet er ei nemning på ei samling handelsruter i Europa, frå Nord-Italia, over pass og elvar til den engelske kanalen. Denne ruta vart bruka for handel mellom Europa, særleg Storbritannia, og Austen, so ein slapp å fara heilt rundt den iberiske halvøya. I bybeltet kom det til ei rad byar kring passa og elvane som bygde økonomien sin på å skattleggja og fortolla handelsfarten. Dette leidde til at desse byane kunne styra seg sjølve på eiga hand, og det leidde i sin tur til at statsbygginga kom seint i gang i dette området. Byane vart ikkje underlagde nokon stat. Når so bybelte sidan har vorte underlagt den europeiske ordninga med sjølvstendige statar, har ikkje statane i bybeltet hatt éin særleg sjølvsagd by som kunne verta hovudstad. Landa i bybeltet har ein sokalla polysefal bystruktur, der hovudstaden ikkje treng vera den største og viktigaste byen i landet. Soleis er Bern i Sveits fjerde størst etter Zürich, Basel og Genève og Amsterdam er hovudstaden i Nederland, endå regjeringa sit i Haag.

Luxembourg og Liechtenstein er døme på bystatar i bybeltet som er haldne ved lag.