California Dreamin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
California Dreamin'
Singel av The Mamas & the Papas
frå albumet If You Can Believe Your Eyes and Ears
Språk engelsk
Utgjeve November 1965
Innspelt 1965
Sjanger Poprock, folkrock
Lengd 2:42
Selskap Dunhill Records
Komponist Michelle Phillips, John Phillips
Tekstforfattar Michelle Phillips, John Phillips
Låtskrivar(ar) John Phillips, Michelle Phillips
Produsent Lou Adler
The Mamas & the Papas-kronologi 
«Go Where You Wanna Go»
(1965)
California Dreamin' «Monday, Monday»
(1966)


«California Dreamin'» (California drøymer) er ein populær song av The Mamas & the Papas, som først kom ut i 1965. Songen er rangert på 89. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene..[1] Teksten omhandlar ein mann i eit kaldt vinterlandskap som lengtar etter varmen i California.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje låtskrivarane John Phillips og Michelle Phillips vart songen skriven i 1963 då dei budde i New York. Han drøymde songen og vekka kjærasten for at ho skulle hjelpe han å skrive songen. På denne tida var dei to medlemmer i visegruppa The New Journeymen som utvikla seg til The Mamas & the Papas.

Dei fekk den første platekontrakten sin etter at dei vart introdusert for Lou Adler, sjef for Dunhill Records, av songaren Barry McGuire. Som takk til Adler song dei korvokal på «California Dreamin'» på McGuire-albumet This Precious Time. The Mamas and the Papas spelte så inn si eiga utgåve av songen med det same akkompagnementet i tillegg til ny vokal og ein fløytesolo av Bud Shank. Ein kan så vidt høyre den originale vokalen til McGuire i den venstre lydkanalen på byrjinga av songen.[2] Singelen vart gjeven ut seint i 1965, men slo ikkje gjennom med ein gong. Etter å ha fått litt merksemd i Los Angeles i starten, hugsa Michelle Phillips at det var ein radiostasjon i Boston, som førte til det nasjonale gjennombrotet for songen.[3] Tidleg i 1966 nådde songen 4. plassen på den amerikanske singellista og vart liggande på lista i 17 veker.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Fleire kjende artistar har spelt inn sine utgåver av songen, mellom andre R.E.M., The Beach Boys, America, (to utgåver), Wes Montgomery, José Feliciano (B-side på singelen «Light My Fire» i 1968), The Carpenters, Four Tops, Bobby Womack, Queen Latifah, The Seekers, George Benson, Eddie Hazel, Raquel Welch, Benn Jordan, Motorpsycho og Jack Frost.

The Beach Boys spelte inn ei ny utgåve av «California Dreamin'» i 1986 for samleplata deira Made in U.S.A.. Denne vart produsert av Terry Melcher med Roger McGuinn frå The Byrdstolvstrengsgitar og John Phillips på saksofon. Michelle Phillips og McGuinn er begge med i videoen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. mai 2007. Henta 1. desember 2010. 
  2. Rock Family Trees, BBC, intervju med McGuire, 1999.
  3. NPR : California Dreamin', Present at the Creation, arkivert frå originalen 3. august 2002, henta 3. august 2002