John Phillips

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Phillips
Mamas and the Papas' John Phillips in 1967.JPG
John Phillips i 1967
Fødd30. august 1935(1935-08-30)
FødestadParris Island i Sør-Carolina i USA
Død18. mars 2001 (65 år)
DødsstadLos Angeles i California i USA
FødenamnJohn Edmund Andrew Phillips
AliasPapa John
Johnny Phillips
Phillips
JP
OpphavUSA
Aktiv1960–2001
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
PlateselskapDunhill
Verka somMusikar
Gift medMichelle Phillips, Geneviève Waïte
BornChynna Phillips, Mackenzie Phillips, Bijou Phillips

John Edmund Andrew Phillips (30. august 193518. mars 2001) var ein USA-amerikansk songar, gitarist, låtskrivar og promotor, mellom anna for Monterey Pop Festival i 1967. Phillips var medlem og leiar av vokalgruppa The Mamas & the Papas.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Phillips fekk ein mindre hit, «Softly», seint i 1950-åra med gruppa si, The Smoothies. Phillips hadde arrangert songane sine i ein Four Freshmen-aktige harmoniar for å syngje med venene Phil Phil Blondheim (som seinare endra namn til Scott McKenzie), Bill Cleary og Mike Boran. På byrjinga av 60-talet danna Phillips ei visegruppe kalla The Journeymen med McKenzie og den talentfulle banjospelaren Dick Weissman. The Journeymen gjorde det godt, turnerte mykje på viseklubbar og høgskular. All reisinga gjorde at forholdet til den første kona Susan Adams, som var mor til dei to eldste barna hans, Jeffrey og Laura MacKenzie.

Men brytepunktet kom då Phillips møtte den attraktive 17 år gamle blondina Michelle Gilliam under eit engasjement på ein kafé i San Francisco. Phillips skilte seg etter kvart frå Adams og gifta seg med Gilliam i 1962. Da Scott McKenzie og Dick Weissman forlet Journeymen i 1964, danna Phillips New Journeymen, i lag med med Michelle og banjoisten Marshall Brickman. I 1965 forlet Brickman gruppa. John hadde møtt Denny Doherty, med ei kraftig tenorrøyst, på turné og dei vart gode vener. Doherty kom inn som erstattar på ein New Journeymen-konsert, og han, John og Michelle utvikla ei karakteristisk blanding av stemmene deira. Populariteten til visemusikken var på veg ned, og Doherty oppfordra venen til å skrive pop- og rockesongar i liknande stil som grupper som The Beatles. Då Phillips byrja å gjere dette føreslo Doherty at dei tok med venen Cass Elliot i gruppa deira. Elliot var alt ein veletablert visesongar og hadde spelt med grupper som Mugwumps (med Doherty) og Big Three. Philips likte ikkje først ideen om å ta med Elliot i gruppa.

John, Michelle og Denny bestemte seg for å dra til Jomfruøyane, for å sleppe unna den kalde hausten i New York, og å jobbe med ein ny bandlyd. Elliot reiste med dei for å vere i nærleiken av Doherty. Elliot hadde hatt ein langvarig ugjengjeldt kjærleik til Doherty, medan Doherty byrja å flørte med Michelle, noko som enda med eit kjærleiksforhold. Driven av denne firkanten av romantisk spenning i gruppa, skreiv John kjenslemessige songar som «Straight Shooter» og «I Saw Her Again», som handlar om kjenslene hans om forholdet mellom Michelle og Doherty. Desse songane, og andre songar han skreiv det året, vart dei første hittane for gruppa, som fekk namnet The Mamas and the Papas.

Då dei kom attende til USA, køyrde John, Michell og Doherty til Los Angeles, der Elliot alt budde. Det store talentet hennar som songar gjorde at John etter kvart gjorde Elliot til fast medlem av bandet. Han fekk til ei prøvespeling for produsenten Lou Adler, som på den tida leia Dunhill Records. Adler tilbaud dei straks ein avtale. Dunhil gav ut det første albumet deira, If You Can Believe Your Eyes and Ears, i byrjinga av 1966. I 1966 fekk gruppa den største hitten sin med «Californa Dreamin'», som nådde fjerdeplassen på den amerikanske singellista. Ein annan song frå albumet, «Monday, Monday» gjekk til topps på singellista.

Bandet vart raskt populært og tente godt. Phillips fekk òg stor suksess då venen Scott McKenzie spelte inn songen hans, «San Francisco», i 1967. Same året organiserte Phillips Monterey Pop Festival, ein av dei kulturelle høgdepunkta på 60-talet der Jimi Hendrix slo gjennom i USA. Fleire album følgde med Phillips si varemerkeblanding av pop-, rock- og Tin Pan Alley-aktige songar. Men uvenskap i bandet førte til at dei vart oppløyst i 1968. To år etter dottera deira, Chynna, vart fødd i 1968, vart John og Michelle skilde.

Phillips gav ut det første soloalbumet sitt, John, the Wolf King of LA, i 1970, men albumet vart ikkje ein suksess. Phillips gifta seg med filmskodespelarinna Genevieve Waite i 1972. Paret hadde to barn saman, sonen Tamerlane og dottera Bijou. På byrjinga av 70-talet skreiv Phillips musikk for nokre filmar (Myra Breckenridge, Brewster McCloud) og skapte scenemusikk for musikalen Space. Men produsentane av musikalen tok over kontrollen, endra mykje av musikken og namnet på showet til Man on the Moon. Etter å ha opna på Broadway, vart produksjonen stengt etter eit par forestillingar til dårleg kritikk. Dette vonbrotet dreiv Phillips inn i narkotikamisbruk. I fleire år arbeidde han berre sporadisk, mellom anna med musikk til filmen The Man Who Fell to Earth av Nicolas Roeg.

I 1977 vart han oppfordra av venen Mick Jagger om å spele inn eit nytt soloalbum som Jagger og Keith Richards skulle produsere. Men prosjektet gjekk skeis då Phillips og Richards stadig nytta meir heroin og det vart til slutt skrinlagd. Etter nesten eit tiår med narkotikamisbruk (og noko narkotikahandel) vart Phillips i 1981 dømd for sal av narkotika. Etter ein månad i fengsel, gjekk han gjennom rehabilitering og gjekk inn i mykje meir produktiv periode. Han starta opp att The Mamas and the Papas, med dottera Mackenzie Phillips, Spanky McFarlane (frå gruppa Spanky and Our Gang) og Denny Doherty. Gjennom 80- og 90-talet turnerte John med forskjellige versjonar av gruppa.

I 1986 publiserte han ein særs oppriktig sjølvbiografi, Papa John. Han vart skild frå Waite i 198-åra. Han var medlåtskrivar på The Beach Boys-songen «Kokomo», som vart ein stor hit i 1989. Trass i at han no var edru, hadde dei mange åra med alkohol og narkotikamisbruk øydelagd helsa til Phillips og i 1992 måtte han gjennom ein levertransplantasjon. I 1995 gifta Phillips seg for fjerde gongen, med kona Farnaz. I 1998 vart The Mamas and Papas innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og John Phillips kom saman med Michelle og Denny Doherty for å syngje «California Dreamin'». Phillips sleit med helsa mot slutten av 1990-åra, men fortsette å spele inn musikk og han gjorde ferdig albumet han hadde byrja på med Jagger og Richards. Albumet fekk namnet Pay Pack and Follow og kom ut i mai 2001. Han fullførte òg eit nytt soloalbum kalla Phillips 66, som kom ut posthumt i august 2001. Phillips døydde 18. mars 2001 i Los Angeles av hjartesvikt.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Katalognummer USA[1] US A/C[2] US Country[2] Album
1970 «Mississippi»

B-side: «April Anne»

Dunhill 4236 # 32 #13 #58 John Phillips

Solo[endre | endre wikiteksten]

Soloarbeid
År Namn Type Selskap Andre artistar Merknad
1970 John Phillips (John, the Wolf King of L.A.) Album Edsel Akkompagnert av The Wrecking Crew. [3]
1970 Brewster McCloud Soundtrack Chapter III Records Merry Clayton på vokal.
2001 Pay Pack & Follow Album Eagle Rock / Red Ink Records Mick Jagger på vokal, Keith Richards, Mick Taylor og Ron Wood på gitar. innspelt i 1973–1979, men gjeven ut ein månad etter han døydde i april 2001.
2001 Phillips 66 Album Eagle Rock / Red Ink Records utgjeve i august 2001.
2008 Pussycat Album Varèse Vintage innspelt i 1978, gjeve ut september 2008.
2009 Andy Warhol Presents Man on the Moon Musikal Varèse Sarabande Skrivne av John Phillips og produsert av Andy Warhol og regissert av Paul Morrissey. Musikal frå 1975. Gjeve ut som ein del av John Phillips Presents-serien på CD.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «John Phillips - Chart history». Billboard. 
  2. 2,0 2,1 «John Phillips Albums (Top Albums) ••• Music VF, US & UK hits charts». www.musicvf.com. Henta 10. januar 2019. 
  3. «John Phillips (John, The Wolf King of L.A.) - John Phillips | Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 9. februar 2016. 
  4. «Long Lost Footage of Musical Play by John Phillips, Produsert av Andy Warhol». Dangerous Minds. 31. juli 2009. Arkivert frå originalen 2009-08-03. Henta 10. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]