Carl Rynning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Rynning
Fødd 17. januar 1837
Hjartdal
Død

8. september 1892
Norderhov

Yrke politikar

Carl Ingwart Theodor Rynning (17. januar 18378. september 1892) var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Ole Roald Rynning var bror hans.

Rynning var son til ein lensmann. Sjølv vart han student frå Heltbergs studentfabrikk i Christiania i 1856 og cand. jur. i 1862. Frå 1863 var han fullmektig hos sorenskrivar, sidan 1866 overrettssakførar på Røros. I 1878 vart han tilsett som fut og sorenskrivar i Alta. Etter fem år i embetet vart han amtmann i Finnmark, noko han var i to år. Sidan 1885 var han sorenskrivar i Ringerike.

Rynning var 2. representant frå Finmarkens amtStortinget i perioden 1883-85. Han var medlem av jarnbanekomiteen. På tinget slutta han seg til partiet Høgre då det vart danna.

I 1892 døydde han på skrivargarden i Norderhov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]