Cesar Zuiderwijk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cesar Zuiderwijk

Zuiderwijk i 2008
Fødd18. juli 1948 (75 år)
FødestadHaag i Nederland
FødenamnCornelis Johannes Zuiderwijk
OpphavKongeriket Nederlanda
AktivSidan 1970
SjangerRock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarGolden Earring
PlateselskapPolydor Records
Verka somTrommeslagar

Cornelis Johannes «Cesar» Zuiderwijk, (fødd 18. juli 1948) er ein nederlandsk trommeslagar, mest kjend som medlem i det nederlandske rockebandet Golden Earring sidan 1970.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Zuiderwijk byrja å spele gitar som barn, men byta til trommer då han var 14 år gammal. Han var i ungdomsåra trommeslagar i ei rekkje band, frå René & His Alligators, til Hu & the Hilltops og Livin' Blues.

Han vart spurt om å erstatte Sieb Warner i Golden Earring i 1970. Sidan den gongen har han vore fat medlem av bandet.

I september 1992 spelte Zuiderwijk og hans Golden Earring i lag med minst tusen andre trommeslagarar på «Radar Love» i Maasvlakte i Rotterdam. I 1999 vart han invitert av War Child til å lære barn i den bosniske byen Mostar om å spele trommer. I 2000 drog han på turné med Percossa Percussion då Golden Earring tok eit års pause.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «GOLDEN EARRING». Henta 24. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cesar Zuiderwijk