War Child

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
War Child
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 14. oktober 1974 (USA)
26. oktober 1974 (Storbritannia)
Innspelt 7. desember 1973 - 24. februar 1974 i Morgan Studios i London, utanom spor 6, 10. september 1972 og spor 8, 15. september 1972 i Château d'Hérouville i Frankrike
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 39:21
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson, Terry Ellis
Jethro Tull-kronologi
A Passion Play
(1973)
War Child Minstrel in the Gallery
(1975)


Singlar frå War Child
  1. ««Bungle in the Jungle»»
    Utgjeve: 14. oktober 1974 (USA) og 15. november 1974 (Storbritannia)
  2. ««Skating Away on the Thin Ice of the New Day»»
    Utgjeve: 17. februar 1975 (berre USA)

War Child er det sjuande studioalbumet til Jethro Tull, utgjeve i oktober 1974. Det kom ut nesten eitt og eit halvt år etter A Passion Play. Kritikken av det førre albumet plaga produksjonen av War Child, og bandet måtte halde pressekonferansar for å forklare planane sine for framtida.[1][2][3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bandet byrja innspelinga av albumet den 7. desember 1973, og byrja med «Ladies». Dei spelte inn «The Third Hoorah» i lag med det unytta sporet «Paradise Steakhouse» den 8. desember, «War Child» og «Back-Door Angels» i lag med det unytta sporet «Saturation» den 16. desember, lydeffektar frå «Bungle in the Jungle», «Ladies», «Skating Away on the Thin Ice of the New Day» og «The Third Hoorah» i tillegg til det unytta sporet «Good Godmother» og orkesterstykket «Mime Sequence» den 19. desember, «Sea Lion» i lag med det unytta opptaket «Sea Lion II» den 6. januar 1974, «Queen and Country» den 20. januar 1974 og til slutt «Two Fingers» og «Bungle in the Jungle» i lag med det unytta opptaket «Tomorrow was Today» den 24. februar 1974. Heile albumet vart spelt inn i Morgan Studios i London, utanom spor 6 og 8, som vart spelte inn i Château d'Hérouville i Frankrike. I følgje teksten i omslaget til 2014-utgåva var innspelinga av War Child mykje meir avslappa samanlikna med det førre albumet og Château d'Hérouville-innspelingane. Studioutstyret fungerte, lyden i studioet var lett å styre, og atmosfæren i bandet var roleg og produktiv.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Mykje av musikken kom frå tidlegare innspelingar. «Only Solitaire» og «Skating Away on the Thin Ice of a New Day» var til overs frå sommaren 1972 frå det som skulle vere oppfølgjaren til Thick as a Brick (1972). Grunnspora og solovokalen for desse to songane vart spelte inn i september 1972 i Frankrike. «Bungle in the Jungle» inneheld òg element som vart spelt inn i september 1972. Ian Anderson fortalte: «Det var faktisk seint i 1972 eller tidleg i 1973 då eg var i Paris og spelte inn eit album som aldri kom ut. Ein eller to av songane brukte me om att i 1973, men det var på ei tid då eg skreiv eit album som utforska folk, tilstanden til menneske, gjennom analogiar til dyreriket.»[4] «Two Fingers» er ei omarrangering av «Lick Your Fingers Clean», ein unytta song frå innspelinga av Aqualung (1971).

Film[endre | endre wikiteksten]

Albumet var opphavleg meint å vere eit filmprosjekt og vart planlagt som eit dobbeltalbum, men det vart korta ned til ti songar og eit enkelt rockealbum etter at dei ikkje fann filmstudio som ønskte å finansiere filmen.[5]

Filmen War Child vart skriven som ein metafysisk svart komedie om ei tenåringsjente i livet etter døden, der karakterane møter Gud, St. Peter og Lucifer, avbilda som ein slesk forretningsmann. Den kjende britiske skodespelaren Leonard Rossiter var meint å ha ei rolle i filmen, Margot Fonteyn skulle ha koreografien, medan Monty Python-veteran John Cleese skulle vere «humorkonsulent».

Omslag[endre | endre wikiteksten]

Bilete på plateomslaget er ei blanding av eit vanlege fotografi av Melbourne i Australia om kvelden, og eit negativ av eit studiobilete av songaren Ian Anderson.

På baksida av albumet finn ein bilete av folk, inkludert dei fem bandmedlemmane, vener, koner, kjærastar, tilsette i Chrysalis Records og manageren Terry Ellis, alle knytt til songtitlane. Den framtidige kona til Anderson er på omslaget som sirkusdirektør, medan Terry Ellis er ein forretningsmann kledd i leopardskinn og med paraply.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Songar som skulle vere med i filmen, som «Quartet» og «WarChild Waltz» vart sidan gjevne ut på fleire Tull-samlingar, og til slutt kom alle ut på 2002-utgåva av albumet.

I høve 40-årsjubileet til albumet i 2014, kom War Child: The 40th Anniversary Theatre Edition. Denne bestod av tre plater i ei avgrensa innpakning, miksa på ny av Steven Wilson og med songar som ikkje var gjevne ut før og ein musikkvideo av «The Third Hoorah», orkesterstykke opphavleg meint for filmprosjektet, eit samandrag av manuset og merknader til kvart spor av Ian Anderson.[6][7]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Džuboks(middels)[9]
Rolling Stone(negativ)[10]
Sputnik Music2.5/5[11]

Meldinga i Rolling Stone i 1974 var hard, slik meldinga av A Passion Play hadde vore: «Kvart handlaga spor kjem proppfulle av sentimentalt sludder, strykarar, tuttifrutti-lydeffektar og fløytetuting.» Som konklusjon skreiv anmeldaren: «Hugs: Tull rimar med dull (keisam).»[10]

AllMusic-meldaren Bruce Eder såg kvaliteten i albumet og musikarane, men skreiv at «Det gjorde aldri same inntrykk som føregangarane, men vendte attende til songar med vanleg lengd etter to episke musikkstykke.»[8]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

War Child selde til gullplate i USA, der det nådde andreplassen på Billboard-lista. I Storbritannia gjekk salet dårlegare, og nådde 14. plassen der. I Noreg nådde det åttandeplassen og i Danmark niandeplassen.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «War Child»   4:35
2. «Queen and Country»   3:00
3. «Ladies»   3:17
4. «Back-Door Angels»   5:30
5. «Sealion»   3:37
Side to
# Tittel Lengd
6. «Skating Away on the Thin Ice of the New Day»   4:09
7. «Bungle in the Jungle»   3:35
8. «Only Solitaire»   1:38
9. «The Third Hoorah»   4:49
10. «Two Fingers»   5:11
Bonusspor på 2002-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Warchild Waltz»   4:21
12. «Quartet»   2:44
13. «Paradise Steakhouse»   4:03
14. «Sealion II» (Anderson, Jeffrey Hammond) 3:20
15. «Rainbow Blues»   3:40
16. «Glory Row»   3:35
17. «Saturation»   4:21
CD 2: Steven Wilson stereomiks av tilknytte innspelingar
# Tittel Lengd
1. «Paradise Steakhouse»   4:01
2. «Saturation»   4:20
3. «Good Godmother»   4:27
4. «SeaLion II»   3:20
5. «Quartet»   2:43
6. «WarChild II»   3:14
7. «Tomorrow Was Today»   3:54
8. «Glory Row»   3:34
9. «March, The Mad Scientist»   1:49
10. «Rainbow Blues»   3:38
11. «Pan Dance»   3:37
12. «The Orchestral WarChild Theme»   9:34
13. «The Third Hoorah» (orkesterversjon) 4:47
14. «Mime Sequence»   7:08
15. «Field Dance» (Conway Hall-utgåva) 1:41
16. «Waltz of the Angels» (Conway Hall-utgåva) 4:23
17. «The Beach (Part I)» (Morgan masterinnspeling) 3:20
18. «The Beach (Part II)» (Morgan masterinnspeling) 1:01
19. «Waltz of the Angels» (Morgan demoinnspeling) 4:02
20. «The Beach» (Morgan demoinnspeling) 2:41
21. «Field Dance» (Morgan demoinnspeling) 1:05

*Spor 12-21: orkesterinnspelingar

DVD 1: Steven Wilson 5.1 kringlyd- og stereomiksar og flat overføring frå dei originale kvadrofoniske og stereomiksane med videoklipp
# Tittel Lengd
1. «WarChild» (5.1 kringlydmiks) 4:38
2. «Queen and Country» (5.1 kringlydmiks) 3:01
3. «Ladies» (5.1 kringlydmiks) 3:19
4. «Back-Door Angels» (5.1 kringlydmiks) 5:27
5. «SeaLion» (5.1 kringlydmiks) 3:42
6. «Skating Away on the Thin Ice of the New Day» (5.1 kringlydmiks) 4:12
7. «Bungle in the Jungle» (5.1 kringlydmiks) 3:41
8. «Only Solitaire» (5.1 kringlydmiks) 1:31
9. «The Third Hoorah» (5.1 kringlydmiks) 4:53
10. «Two Fingers» (5.1 kringlydmiks) 5:08
11. «WarChild» (2014 stereomiks) 4:38
12. «Queen and Country» (2014 stereomiks) 3:01
13. «Ladies» (2014 stereomiks) 3:19
14. «Back-Door Angels» (2014 stereomiks) 5:27
15. «SeaLion» (2014 stereomiks) 3:42
16. «Skating Away on the Thin Ice of the New Day» (2014 stereomiks) 4:12
17. «Bungle in the Jungle» (2014 stereomiks) 3:41
18. «Only Solitaire» (2014 stereomiks) 1:31
19. «The Third Hoorah» (2014 stereomiks) 4:53
20. «Two Fingers» (2014 stereomiks) 5:08
21. «WarChild» (Original stereomiks) 4:38
22. «Queen and Country» (Original stereomiks) 3:01
23. «Ladies» (Original stereomiks) 3:19
24. «Back-Door Angels» (Original stereomiks) 5:27
25. «SeaLion» (Original stereomiks) 3:42
26. «Skating Away on the Thin Ice of the New Day» (Original stereomiks) 4:12
27. «Bungle in the Jungle» (Original stereomiks) 3:41
28. «Only Solitaire» (Original stereomiks) 1:31
29. «The Third Hoorah» (Original stereomiks) 4:53
30. «Two Fingers» (Original stereomiks) 5:08
31. «WarChild» (Original kvadrofonisk miks) 4:38
32. «Queen and Country» (Original kvadrofonisk miks) 3:01
33. «Ladies» (Original kvadrofonisk miks) 3:19
34. «Back-Door Angels» (Original kvadrofonisk miks) 5:27
35. «SeaLion» (Original kvadrofonisk miks) 3:42
36. «Skating Away on the Thin Ice of the New Day» (Original kvadrofonisk miks) 4:12
37. «Bungle in the Jungle» (Original kvadrofonisk miks) 3:41
38. «Only Solitaire» (Original kvadrofonisk miks) 1:31
39. «The Third Hoorah» (Original kvadrofonisk miks) 4:53
40. «Two Fingers» (Original kvadrofonisk miks) 5:08
41. «Glory Row» (Original kvadrofonisk miks) 3:34
42. «March, The Mad Scientist» (Original kvadrofonisk miks) 1:49
43. «Video clip from a Montreux photosession and press conference on 11. januar 1974»    
44. «The Third Hoorah promo footage with remixed stereo audio»    
DVD 2: Steven Wilson 5.1 kringlyd- og stereomiksar av tilknytte spor og originale Robin Black-miksar av seks andre orkesterinnspelingar
# Tittel Lengd
1. «Paradise Steakhouse» (5.1 kringlydmiks) 4:01
2. «Saturation» (5.1 kringlydmiks) 4:20
3. «Good Godmother» (5.1 kringlydmiks) 4:27
4. «SeaLion II» (5.1 kringlydmiks) 3:20
5. «Quartet» (5.1 kringlydmiks) 2:43
6. «WarChild II» (5.1 kringlydmiks) 3:14
7. «Tomorrow Was Today» (5.1 kringlydmiks) 3:54
8. «Glory Row» (5.1 kringlydmiks) 3:34
9. «March, The Mad Scientist» (5.1 kringlydmiks) 1:49
10. «Rainbow Blues» (5.1 kringlydmiks) 3:38
11. «Pan Dance» (5.1 kringlydmiks) 3:37
12. «The Orchestral WarChild Theme» (5.1 kringlydmiks) 9:34
13. «The Third Hoorah» (orkesterversjon) (5.1 kringlydmiks) 4:47
14. «Mime Sequence» (5.1 kringlydmiks) 7:08
15. «Field Dance» (Conway Hall-utgåva) (5.1 kringlydmiks) 1:41
16. «Paradise Steakhouse» (2014 stereomiks) 4:01
17. «Saturation» (2014 stereomiks) 4:20
18. «Good Godmother» (2014 stereomiks) 4:27
19. «SeaLion II» (2014 stereomiks) 3:20
20. «Quartet» (2014 stereomiks) 2:43
21. «WarChild II» (2014 stereomiks) 3:14
22. «Tomorrow Was Today» (2014 stereomiks) 3:54
23. «Glory Row» (2014 stereomiks) 3:34
24. «March, The Mad Scientist» (2014 stereomiks) 1:49
25. «Rainbow Blues» (2014 stereomiks) 3:38
26. «Pan Dance» (2014 stereomiks) 3:37
27. «The Orchestral WarChild Theme» (2014 stereomiks) 9:34
28. «The Third Hoorah» (orkesterversjon) (2014 stereomiks) 4:47
29. «Mime Sequence» (2014 stereomiks) 7:08
30. «Field Dance» (Conway Hall-utgåva) (2014 stereomiks) 1:41
31. «Waltz of the Angels» (Conway Hall-utgåva) (Original stereomiks) 4:23
32. «The Beach (Part I)» (Morgan masterinnspeling) (Original stereomiks) 3:20
33. «The Beach (Part II)» (Morgan masterinnspeling) (Original stereomiks) 1:01
34. «Waltz of the Angels» (Morgan demoinnspeling) (Original stereomiks) 4:02
35. «The Beach» (Morgan demoinnspeling) (Original stereomiks) 2:41
36. «Field Dance» (Morgan demoinnspeling) (Original stereomiks) 1:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jethro Tull Press: Circus Raves - Ian Anderson fights back with War Child (November 1974)». Tullpress.com. Henta 10. mai 2019. 
  2. «Jethro Tull Press: Melody Maker - Ian Anderson's War (7. desember 1974)». Tullpress.com. 7. desember 1974. Henta 10. mai 2019. 
  3. «Jethro Tull Press: LA Times - Jethro Tull: Waves Over Oiled Waters (22. desember 1974)». Tullpress.com. 22. desember 1974. Henta 10. mai 2019. 
  4. «Bungle in the Jungle». Songfacts.com. Henta 10. mai 2019. 
  5. «Surprise - The Abandoned «War Child» Movie Outline (www.j-tull.com)». Arkivert frå originalen 2006-03-18. 
  6. «Jethro Tull stream The Orchestral War Child Theme - Prog». Prog.teamrock.com. Henta 10. mai 2019.  [Dead Link]
  7. «Jethro Tull ‘War Child’ 40th anniversary remix». StevenWilsonHQ.com. 29. september 2014. Henta 10. mai 2019. 
  8. 8,0 8,1 Bruce Eder. «Jethro Tull - War Child (1974) album review, credits & releases at AllMusic.com». AllMusic. Henta 10. mai 2019. 
  9. Konjović, Slobodan. «Jethro Tull – War Child». Džuboks (på Serbian) (Gornji Milanovac: Dečje novine) (6 (second series)): 24. 
  10. 10,0 10,1 «Jethro Tull Press: Rolling Stone: Jethro Tull - War Child (1974) review (19. desember 1974)». Tullpress.com. 19. desember 1974. Henta 10. mai 2019. 
  11. «Jethro Tull - War Child (1974) album review». Sputnikmusic.com. 16. mars 2006. Henta 10. mai 2019. 
  12. Den danske albumlista at DanskeHitLister.dk