Chakra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sju hovudchakra

Chakra (frå sanskrit cakraṃ चक्रं, fonetisk uttale «chukr»; pali chakka; tibetansk khorlo; malaysisk cakera) er senter med intens, kvervlande energi som i følge tradisjonell indisk medisin ligg på spesifikke punkt i kroppen som ikkje kan sansast. Andeleg og emosjonell energi strøymer gjennom punkta. Ordet chakra kjem frå sanskrit og kan omsetjast med hjul.

Sju hovudchakra eller energisenter skal eksistere og liggje langs midten av overkroppen. Det skal i tillegg finnast nokre underchakra som er plassert nedover beinet. Austlege medisinske tradisjonar og meditasjonsformer meiner chakra påverkar kroppen både psykisk og fysisk. Sjølv om det i første rekkje er eit psykisk fenomen, er det ein oppfatning at dei ulike energipunkta korresponderer fysisk med bestemte endokrine kjertlar. Dei forskjellige chakra skal ha tyding for ulike delar av kroppen og styre ulike kjensler. Sansane knytast gjerne til bestemte chakra. Det har også vorte vanleg å forbinde dei ulike chakra med ein bestemt farge. I følge hinduistisk tradisjon er dei enkelte chakra knytte til ein gud. Dei ulike chakra vert òg gjerne knytte til eit element. Eit spesielt mantra kan knytast til dei ulike chakra, og kan seiast for å stimulere punktet.

Mykje av den opphavlege informasjonen om chakra kjem frå den hinduiske teksten Upanishad, som vart skriven ned 1200-900 f.Kr.

Sju hovudchakra[endre | endre wikiteksten]
Nr Lotus-symbol Farge Namn
Namn på sanskrit
Element Kjertel Funksjon Sans Hindugud Mantra
7.
1000 blad fiolett
Kronechakraet
Sahasrāra
Rom
Universet1
Hjernevedhenget
Hypofysen, Gl. pituitaria
Foreine kroppen med kosmos
Visdom, medvit
Øvre hjerne, sentralnervesystemet
Oversanseleg Paramashiva OM eller
Pranava
6.
96 blad indigo
Pinealchakraet
(Det tredje auget)
Ājñā
Tid
Sjela2
Manas
Konglekjertelen
Epifysen, Gl. pinealis
Persepsjon, fantasi
Nedre hjerne, ryggrad, sanseorgan
Sjette sans Sambhu KSHAM
5.
16 blad blå
Halschakraet
Viśuddha
Eter
Akasha
Skjoldbruskkjertelen
Thyreoidea
Kommunikasjon
Strupe, øvre lunger, armar, meltingskanal
Høyrsel Sadashiva HAM
4.
12 blad grøn
Hjartechakraet
Anāhata
Vind
Vayu
Brisselen
Thymus
Lidenskap, mot, kjærleik
Hjarte, lunger, blodsirkulasjon
Berøring Isha YAM
3.
10 blad gul
Solarpleksuschakraet
Manipūra
Eld
Agni
Bukspyttkjertelen3
Pancreas
Motivasjon, sjølvtillit
Mage, lever, galleblære
Syn Rudra RAM
2.
6 blad oransj
Harachakraet
(Magechakraet)
Svādhisthāna
Vatn
Apas
Testiklar Testis (mann)
Eggstokkar Ovaria (kvinne)
Empati, kreativitet, seksualitet
Kjønnsorgan, bein
Smak Vishnu VAM
1.
4 blad raud
Rotchakraet
Mūlādhāra
Jord
Prithivi
Binyrene
Gl. suprarenalis
Fysisk helse, sjølvkjensle, framgang, tillit
Imunforsvar, nyrer, urinblære, ryggrad, prostata
Lukt Brahma LAM

1 Inga fysisk tilordning.2 Sjela er ikkje rekna som eit element i alle tradisjonar.
3 Dei langerhanske øyane (Insulae langerhanenses) produserer dei endokrine hormona i bukspyttkjertelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]