Skjoldbruskkjertelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjoldkjertelen er ein indresekretorisk (endokrin) kjertel som bl.a. regulerer stoffskiftet
skjoldkjertelens plassering i forhold til blodårene på halsen

Skjoldkjertelen (av latinsk glandula thyroidea; også kalla skjoldbruskkjertelen eller thyreoidea) er ein hormonkjertel som er sett saman av to halvdelar som ligg på halsen på kvar side av luftrøyret. I skjoldkjertelen vert hormona tyroksin (T4), og kalsitonin produserte. Sist nemnde hormon vert produsert dei såkalla C-cellene i skjoldbruskkjertelen for i hovudsak å senke kalsiumnivået i blodet. Derimot vert trijodtyronin (T3) frigjort i levera etter binding med thyroidbindande globulin.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

Skjoldkjertelen sit på framsida av halsen, og den øvre lina vert avgrensa av den skrå lina på tyreoidalbrusken (like under adamseplet) og strekker seg ned til den sjette trakealringen (C-forma bruskringar på luftrøyret).

Skjoldkjertelen er ein av dei større hormonproduserande (endokrine) kjertlane – 10-20 gram hos vaksne – og har form som ein sommarfugl. Kjertelen kan verte forstørra ved ei rekkje sjukdommar og fører til sjukdommen struma.

Fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudfunksjonen til skjoldkjertelen er å produsere hormona tyroksin (T4), trijodtyronin (T3) og kalsitonin. Opptil 80 % av T4 vert omdanna til T3 i perifere organ som levra, nyrene, og milten. T3 har om lag ti gonger så stor verknad som T4.

Produksjon og verknad av T3 og T4[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Tyroksin.

Tyroksin vert syntetisert av follikelcellene i kjertelen frå fritt tyrosin og frå tyrosineiningane på eit protein kalla tyreoglobulin (TG, tidlegare kalla "kolloid"). Jod vert fanga opp av hydrogenperoksid som vert danna av enzymet tyreoperoksidase (TPO) og vert festa på posisjonene 3' og 5' på benzenringen til tyrosineininga på TG og på fritt tyrosin. Ved stimulering av thyreoideastimulerande hormon (TSH, eit hormon frå hypofysen) vil follikelcellene reabsorbere TG og ved ein prosess kalla proteolyse "klippe av" jodiserte tyrosin frå TG og dermed danne T4 og T3 (T3 har eitt jodatom mindre festa til seg enn T4), og frigjer dei til blodbanen. Skjoldbruskkjertelhormona som vert frigjorde er sett saman av ca. 90 % T4 og 10 % T3.

Hjerneceller er eit av hovudmåla for hormona T3 og T4. Hormona spelar ei viktig rolle i utviklinga av hjernen under svangerskapet.

I blodet er det meste av T4 og T3 bunde til transportmolekyl sidan dei er tungt løyselege i vatn. Dei er hovudsakleg bundne til tyroksinbindande globulin (TBG), prealbumin og albumin. Bere 0,02 % av T4 og 0,5 % av T3 sirkulerer fritt. Det er bere den frie fraksjonen som er aktiv i kroppen. På samme måten som steroidhormona kryssar stoffskiftehormona cellemembranar og verkar på reseptorar inne i cella, som påverkar DNA-transkripsjonen og dermed også proteinsyntesen.

Hos menneske vil born fødde med svikt i stoffskiftehormonproduksjonen få forstyrra og mangefull vekst og utvikling. Hjerneutviklinga kan vere mangelfull og ein kan utvikle kretinisme. I Noreg vert alle nyfødde screena ved hjelp av ein blodprøve, der ein måler TSH-nivået i blodet. På denne måten fangar ein opp dei fleste tilfella av medfødt hypotyreose, og tilstanden kan behandlast effektivt med tilført syntetisk tyroksin.

Regulering av T3 av T4[endre | endre wikiteksten]

Produksjonen av tyroksin og trijodtyronin vert styrt av thyreoideastimulerande hormon (TSH) som vert skilt ut av hypofysens forlapp. TSH-sekresjonen vert igjen hemma av T3 og T4 via ein mekanisme kalla negativ tilbakekopling. TSH-produksjonen er avhengig av tyreotropinfrigjerande hormon (TRH) frå hypothalamus.

Kalsitonin[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Kalsitonin.

Eit anna hormon som vert skilt ut frå skjoldkjertelen er kalsitonin. Dette er med på reguleringa av kalsiumnivået i blodet. Dei parafollikulære cellene i kjertelen produserer kalsitonin ved høgt nivå av kalsium i blodet (hyperkalsemi). Kalsitonin stimulerer opptak av kalsium i beinvevet, i motsetning til parathyreoideahormonet (PTH) som friset kalsium frå beinvevet. Elles ser kalsitonin ut til å spele ei langt mindre rolle enn PTH ettersom kalsiumreguleringa held seg normal ved fjerning av skjoldkjertelen, men ikkje ved fjerning av parathyreoideakjertlane.

Det kan nyttast diagnostisk som ein tumormarkør for ein viss type kreft i skjoldkjertelen (medullært tyroidalt adenokarsinom) der høge kalsitonin-nivå kan oppstå, og auka nivå etter at kreftsvulsten er operert bort kan tyde på residiv (at gjenståande kreftceller held fram med å vekse). Det kan også nyttast i vevsprøver (biopsi) frå mistenkjelege lesjonar (f.eks. forstørra lymfeknuter) for å avgjere om det er spreiing frå den opphavlege kreften.

Kalsitonin kan nyttast terapeutisk til behandling av hyperkalsemi og beinskjørheit. Forskningsresultat frå Rikshospitalet har vist gode tendensar hos pasientar som har fått behandling med kalsitonin.[treng kjelde]

Rolla til jod[endre | endre wikiteksten]

I område i verda der det er lite jod (essensielt for produksjon av tyroksin (T4) som inneheld fire jodatom) i maten kan skjoldkjertelen bli forstørra og ein får struma.

Tyroksin er kritisk i reguleringa av stoffskiftet og vekst i heile dyreriket. Mellom til dømes amfibie kan eit thyreoideablokkerande stoff hindre rumpetroll å utvikle seg til froskar, mens tyroksin kan framskunde denne prosessen.

Grunna skjoldkjertelens selektive opptak og konsentrering av eit relativt sjeldant grunnstoff, er han sensitiv for opptak av radioaktive jodisotopar som vert produserte i atomkraftverk (og av atombomber). Ved større ulykker slepp desse ut i atmosfæren og opptaket av radioaktive jodisotopar kan i teorien blokkerast ved metting av opptaksmekanismane ved tilskot av ikkje-radioaktivt jod, som vert innteke i form av kaliumjod-tablettar. Dessverre er ikkje alltid slike tabletter like tilgjengelege, og etter Tsjernobylulykka var det i åra som følgde auka førekomst av kreft i skjoldkjertelen hos born. Dette prinsippet kan også nyttast i behandlinga av visse former for skjoldkjertelkreft, der ein kan gje radioaktivt jod som fører til ein selektiv stråling av skjoldkjertelvev.

I Noreg er jod tilsett i mellom anna bordsalt.

Sjukdommar[endre | endre wikiteksten]