Charles Friedek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Charles Friedek
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 26. august 1971
Gießen
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Charles Michael Friedek (fødd 26. august 1971) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Gießen i Hessen. Han vann VM-gull i tresteghopp under VM i 1999 i Sevilla, same året vann han også innandørs-VM. Friedek var den fyrste svarte friidrettsutøvaren som vart verdsmeister for Tyskland. I 2002 fekk han sølv under EM 2002 i München.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Friedek deltok i dei olympiske leikane i 1996, 2000 og 2004, utan å hevde seg heilt i toppen. Best vart han i Sydney i 2000 med ein 12. plass. I 1998 gjekk han derimot til topps i trestegtevlinga i verdscupen. Han vann trestegøvinga i verdsmeisterskapen innandørs i 1999, året etter vart han innandørs europameister.

Høgdepunktet for Friedek var verdsmeisterskapen 1999 i Sevilla. Med eit hopp på 17,59 m sikra han seg gullmedaljen, 10 cm lengre enn andremann i tevlinga. Tre år seinare fekk han ein sølvmedalje under friidretts-EM 2002 i München, der svensken Christian Olsson vann med 20 cm margin.

Friedeks siste store triumf kom då han vann tresteg i Europacupen for lag i 2005. Til sommar-OL 2008 i Beijing vart han ikkje teken ut, endå han hadde klart kvalfiseringskravet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]