Cheap Thrills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cheap Thrills
Studioalbum av Big Brother and the Holding Company
Språk engelsk
Utgjeve 12. august 1969
Innspelt 2. mars til 20. mai 1968
Sjanger
Lengd 37:11
Selskap Columbia
Produsent John Simon
Big Brother and the Holding Company-kronologi 
Big Brother & the Holding Company
(1967)
Cheap Thrills Be a Brother
(1970)
Janis Joplin-kronologi
Big Brother & the Holding Company
(1967)
Cheap Thrills I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[2]
Entertainment WeeklyA–[3]
Q4/5 stars[4]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[5]

Cheap Thrills er det andre albumet til Big Brother and the Holding Company og det siste albumet deira med Janis Joplin som vokalist.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Big Brother fekk mykje merksemd under konserten deira i 1967 på Monterey Pop Festival og hadde gjeve ut debutplata kort tid etter. Trass i den gryande suksessen, vart berre albumet ein liten hit, og nådde berre 60. plass på albumlista, sjølv om singelen «Down On Me» nesten nådde Topp 40. Columbia Records gav bandet ein ny platekontrakt, men det tok månader fordi dei framleis var under kontrakt med Mainstream Records.[1] Albumet inneheldt tre coversongar («Summertime», «Piece of My Heart», «Ball and Chain»). Med på albumet var òg Bill Graham, som introduserer bandet i byrjinga av «Combination of the Two». «Combination of the Two», «I Need a Man to Love» og den nesten ti minuttar lange «Ball and Chain» er dei einaste konsertopptaka på plata. Det upolerte lydbiletet på plata fangar energien frå konsertane deira.

Plateomslag og tittel[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart teikna av teikneserieteiknaren Robert Crumb etter at den første ideen til bandet, eit bilete av dei nakne i ei seng i lag, vart droppa av plateselskapet. Teikna til Crumb var opphavleg meint for baksida av omslaget. Joplin ønskte derimot at teikna skulle på framsida.[6] Plateomslaget er på niandeplass på lista til Rolling Stone' over dei hundre beste plateomslaga gjennom tidene.

Opphavleg skulle albumet heite Sex, Dope and Cheap Thrills, men tittelen vart ikkje godkjend av Columbia Records.

Suksess og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut sommaren 1968, eitt år etter debutplata, og gjekk heilt til topps på albumlista i oktober same året. Det låg på førsteplassen totalt i åtte veker, medan singelen «Piece of My Heart» òg vart ein stor hit. Mot slutten av året hadde albumet vorte eit av dei mestseljande i 1968, med nesten ein million selde eksemplar. Suksessen vart derimot kortvarig for Janis Joplin forlet bandet for å starte ei solokarriere i desember 1968. I 2003 vart albumet rangert på 338. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene. Tidlegare, i 1987, hadde magasinet plassert albumet på 50. plass på lista deira over dei 100 beste albuma dei siste 20 åra. Det vert ofte rekna som ei av dei viktigaste platene frå slutten av 1960-åra, og finst òg i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Combination of the Two»Sam Andrew05:47
2.«I Need a Man to Love»Andrew, Joplin04:54
3.«Summertime»George Gershwin, Ira Gershwin, DuBose Heyward04:00
4.«Piece of My Heart»Bert Berns, Jerry Ragovoy04:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Turtle Blues»Joplin04:22
6.«Oh, Sweet Mary»Peter Albin, Andrew, David Getz, James Gurley, Joplin04:16
7.«Ball and Chain»Big Mama Thornton09:02
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
8.«Roadblock» (unytta studiopptak)05:31
9.«Flower in the Sun» (unytta studiopptak)03:04
10.«Catch Me Daddy» (live)05:32
11.«Magic of Love» (live)03:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Billboard Top LPs 1

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[7] 2× Platina 2,000,000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 {{Allmusic|class=album|id=r1840|tab=review |selskap=«Big Brother & the Holding Company: Cheap Thrills > Review» |first1=William |last1=Ruhlmann |first2=Bruce |last2=Eder |accessdate=1. september 2018
  2. Larkin, Colin (2011). «Big Brother and the Holding Company». The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2006. ISBN 0857125958. Henta 1. september 2018. 
  3. Weingarten, Marc (1999). Entertainment Weekly (New York) (October 1): 75. «...a blues-rock apotheosis, with Joplin's primal scream scraping up against Big Brother's willfully deranged, acid-stoked boogie...» 
  4. Q (London) (November): 156. 1999. 
  5. Evans, Paul (2004). «Big Brother and the Holding Company». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian David. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. s. 70. ISBN 0743201698. Henta 1. september 2018. 
  6. http://www.drewfriedman.net/prints/cheap-thrills.html
  7. «American album salstrofé – Janis Joplin – Cheap Thrills». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH