Chicago av Graham Nash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chicago
Singel av Graham Nash
frå albumet Songs for Beginners
B-side Simple Man
Utgjeve Mai 1971
Sjanger Rock
Lengd 2:51
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Graham Nash
Graham Nash-kronologi
Chicago «Military Madness»
(1971)


«Chicago» (ofte skrive «Chicago / We Can Change the World») er ein song skriven av Graham Nash for det første soloalbumet hans, Songs for Beginners. Songen kom ut på singel og nådde 35. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 29. plassen på Cash Box Top 100.[1] Det vart den største hitten hans. I Canada nådde «Chicago» 19. plassen.[2] Songen nådde òg femteplassen i Nederland i 1971.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen refererer til demonstrasjonane mot Vietnamkrigen som fann stad under nasjonalkonventet til Demokratane i 1968 i Chicago og den påfølgjande rettssaka for Chicago Eight, der demonstrasjonsleiarane vart sikta for oppvigleri. Den første linja av songen, «So your brother's bound and gagged, and they've chained him to a chair» (Så bror din er bunden og knebla, og dei har lenkja han til ein stol) syner til Black Panther-leiaren Bobby Seale,[3] den einaste afroamerikanske tiltalte, som var knepla og lenkja til stolen i rettssalen etter fleire protestar mot kjennelsane til dommaren Julius Hoffman.

Linja «Won't you please come to Chicago just to sing?» syner til at Nash ber bandkollegaene sine Stephen Stills og Neil Young kome til Chicago for å spele ein velgjerdshjelpskonsert for Chicago 8. Refrenget inneheld linja «We can change the world / Rearrange the World».

På konsertalbumet til Crosby, Stills, Nash & Young, Four Way Street (1971), dediserte Nash songen til «Mayor Daley», ein spottande referanse til borgarmeisteren i Chicago, Richard J. Daley, som var notorisk i mot antikrigsdemonstrantar.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Canada RPM Top Singles[2] 19
Nederland (Nederlandsk Topp 40) 5
Nederland (Single Top 100)[4] 6
US Billboard Hot 100 35
US Cashbox Top 100[1] 29

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
Nederland (Single Top 100)[5] 37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1973 spelte det australske bandet Sherbet songen på albumet sitt On with the Show.[6]
  • I august 2009 gav David Gilmour ut ein versjon på nettet kalla «Chicago - Change the World», der han song og spelte gitr, bass og klaverinstrument for å skape blest om saka til Gary McKinnon. Han fekk med seg Chrissie Hynde og Bob Geldof, i tillegg til McKinnon sjølv på songen.[7]

Hip hop-sample[endre | endre wikiteksten]

I 1999 sampla Kanye West og Beanie Sigel «Chicago» på singelen «The Truth». I 2003 nytta Westside Connection den same samplinga på singelen «Gangsta Nation».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

{{refslutt}

  1. 1,0 1,1 «Archived copy». Arkivert frå originalen 15. januar 2019. Henta 15. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Henta 15. januar 2019. 
  3. «Mr. Fish: Mr. Fish in Conversation With Graham Nash - Interviews -Truthdig». Truthdig. Henta 15. januar 2019. 
  4. «Jaaroverzichten – Single 1971» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 25. februar 2018. 
  5. «Jaaroverzichten – Single 1971» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 25. februar 2018. 
  6. «Chicago - Sherbet». Youtube. Henta 15. januar 2019. 
  7. «Chicago». Henta 15. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]