Songs for Beginners

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Songs for Beginners
Studioalbum av Graham Nash
Utgjeve 28. mai 1971
23. september 2008 (CD+DVD)
Innspelt 1970–1971
Wally Heiders Studio III, Los Angeles and Studio «C», San Francisco
Sjanger Folkrock, countryrock
Lengd 32:13
Selskap Atlantic
Produsent Graham Nash
Graham Nash-kronologi
Songs for Beginners Wild Tales
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Allmusic(CD+DVD) 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Rolling Stone(positiv)

Songs for Beginners er det første studioalbumet til Graham Nash, utgjeve i mai 1971. Det var eit av fire høgprofilerte album som kvar av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young gav ut etter Déjà Vu i 1970. Albumet til Nash nådde 15. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista og singelen «Chicago» klatra til 35. plassen på Billboard Hot 100. Albumet har seld til gullplate i USA.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nash fekk med seg ei imponerande gruppe gjesteartistar på innspelinga, inkludert David Crosby, Jerry Garcia, Phil Lesh, Dave Mason, David Lindley, Rita Coolidge og Neil Young (under pseudonymet Joe Yankee). Albumet vart laga like etter det vart slutt med kjærasten Joni Mitchell. Mange av songane handlar om tida deira i lag. Songane bestod av det Nash vart kjend for: ei god kjensle for popsongar, kjenslemessig open og ærleg og ivrig politisk aktivisme. Hitten «Chicago» omhandla både nasjonalkonventet til Demokratane i 1968 og rettsaka for Chicago Eight, og uttrykte raseriet Nash kjende i samband med denne saka.

Albumet kom først på CD seint i 1980-åra og kom ut på ny i 2011. Ein nymiksa versjon som Nash hadde oppsyn med kom ut på 180-grams vinyl på Classic Records i 2001, men er ikkje lenger i sal. Ei luksusutgåve av 'Songs for Beginners kom ut 23. september 2008 med både CD og DVD-Audio og fleirkanals høgoppløyseleg lyd, eit nytt intervju med Nash frå 2008, eit fotogalleri og tekstar.[4]

Songen «Simple Man» vart nytta i dei første scenane av Adam Sandler- og Don Cheadle-filmen Reign Over Me i 2007. Den same songen vart òg nytta i finalen av sesong to av HBO-serien Looking. I 2018 vart songen «Better Days» nytta under rulleteksten i episode sju av miniserien «Escape from Dannemora».[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Graham Nash, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Military Madness»   2:50
2. «Better Days»   3:47
3. «Wounded Bird»   2:09
4. «I Used to Be a King»   4:45
5. «Be Yourself» (Nash, Terry Reid) 3:03
Side to
# Tittel Lengd
6. «Simple Man»   2:18
7. «Man in the Mirror»   2:47
8. «There's Only One»   3:55
9. «Sleep Song»   2:57
10. «Chicago»   2:55
11. «We Can Change the World»   1:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Graham Nashvokal; gitar alle spor utanom «Better Days» og «Simple Man»; piano på «Better Days», «Simple Man», «Chicago» og «We Can Change the World»; orgel på «Better Days», «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»; papir og kam på «Sleep Song»; tamburin på «Chicago» og «We Can Change the World»
  • Rita Coolidge — piano på «Be Yourself» og «There's Only One»; elektrisk piano på «Be Yourself»; korvokal på «Military Madness», «Better Days», «Simple Man», «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»
  • Jerry Garciapedalsteelgitar på «I Used to Be a King» og «Man in the Mirror»
  • Neil Young — piano på «Better Days» og «Man in the Mirror» og «I Used to Be a King»
  • Dorian Rudnytskycello på «Simple Man» og «Sleep Song»
  • Dave Mason — elektrisk gitar på «Military Madness»
  • David Crosby — elektrisk gitar på «I Used to Be a King»
  • Joel Bernstein — piano på «Military Madness»
  • Bobby Keyssaksofon på «There's Only One»
  • David Lindleyfele på «Simple Man»
  • Sermon Posthumas — bass klarinett på «Better Days»
  • Chris Ethridgebass på «Man in the Mirror», «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»
  • Calvin «Fuzzy» Samuels — bass på «Military Madness», «Better Days», og «Be Yourself»
  • Phil Lesh — bass på «I Used to Be a King»
  • Johnny Barbatatrommer på «Military Madness», «I Used to Be a King», «Be Yourself», «Man in the Mirror», «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»; tamburin på «Chicago»
  • Dallas Taylor — trommer på «Better Days»
  • P.P. Arnold — korvokal på «Military Madness»
  • Venetta Fields, Sherlie Matthews, Clydie King, Dorothy Morrison — korvokal på «There's Only One», «Chicago» og «We Can Change the World»
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

AlbumBillboard (USA)

År Liste Plassering
1971 Pop Albums 15

Singles – Billboard (USA)

År Singel Liste Plassering
1971 «Chicago» Pop Singles 35
1971 «Military Madness» Pop Singles 73
1971 «I Used to Be a King» Pop Singles 111

Kjelder[endre | endre wikiteksten]