Christa Kinshofer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christa Kinshofer

Christa Kinshofer 1980 Paraguay stamp.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 24. januar 1961
München
Idrett alpint
Yrke alpinist

Christa Kinshofer (fødd 24. januar 1961) er ein tysk tidlegare alpin skirennar frå München som i tida 1980-88 vann tre OL-medaljar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kinshofer vann fem storslalåmrenn i verdscupen i alpine greiner 1979, frå desember 1978 til mars 1979, og vann dermed pokalen som viste at ho var verdas beste kvinnelege storslalåmrennar i den sesongen. Sidan vann ho i verdscupen ei kombinasjonstevling i januar 1981 og eit slalåmrenn i desember 1987.

Under dei olympiske leikane 1980 i Lake Placid vart ho nummer fem i storslalåm, og tok så sølvmedaljen i slalåm, Hanni Wenzel var det ingen som kunne hamle opp med i korkje øvingane. To år seinare vart Kinshofer nummer ni i storslalåm under alpin-VM 1982 i Schladming.

Kinshofer sleit med skadar utover på 1980-talet. Ho kom på kant med det tyske skiforbundet og i fire sesongar, 1984-87, representerte ho Nederland.

Etter ho kom tilbake til det tyske forbundet i 1987, lukkast Kinshofer både i storslalåm og i slalåm under Vinter-OL 1988 i Calgary. I storslalåm vann ho sølvmedaljen, dagen etter var ho nær å ta ein ny sølvmedalje i slalåm, men enda opp med bronsen. Sveitsiske Vreni Schneider var det ingenting å gjere med i begge tevlingane.

Kinshofer la opp som alpinist ved sesongslutt i 1988.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar