Christian Sparre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Sparre

Fødd30. juli 1859
Død30. november 1940 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, skribent, offiser
Utdanna vedKrigsskolen
Sjøkrigsskulen
FarOle Jacob Sparre
Alle verv

Christian Herman Sparre (30. juli 185930. november 1940) var ein norsk viseadmiral, forfattar og politikar for partiet Venstre. Som forfattar skreiv han vanlegvis under pseudonymet Fredrik Viller. Han var fødd i Høland, der faren Ole Jacob Sparre for tida jobba som lege.

Militær[endre | endre wikiteksten]

Sparre gjorde teneste på redningsskipet «Heimdal» fleire vintrar. Frå 1881 var han løytnant i marinen, forfremja til premierløytnant i 1884 og kaptein i 1894. Han var generalsekretær for Noregs forsvarsforeining i perioden 1890–93. Dessutan var han sekretær i forsvarskommisjonen som la fram ein plan for utviklinga av Forsvaret, og då særleg kystforsvaret og festningsforsvaret. Kommisjonen si innstilling av februar 1892, som primært rådde til ei styrking av kystforsvaret, hausta vellæte i både venstre- og høgrepressa.[1] Frå 1898 til 1900 var han sjef for sjøkrigsskulen. Han vart i 1900 utnemnd til kommandørkaptein, året etter til viseadmiral. Frå 23. desember 1901 var han kommanderande admiral og sjef for marineleiinga.

Admiralstriden[endre | endre wikiteksten]

Våren 1905 rauk Sparre og Jacob Børresen, sjef for marinen sin hovudstyrke Skagerrakeskadren, i hop om korleis marinefartøya burde disponerast i fall krig med Sverige. Sparre vurderte marinen for å vere i ein situasjon som påkalla varsame disposisjonar av flåten i Oslofjorden, og handla deretter. Børresen var derimot driven av stort pågangsmot, og var meir enn viljug til å angripe Sverige til sjøs.

Den bitre «admiralstriden» vart ikkje avgjort før i 1909, ved ein valdgiftsrett oppretta for høvet i Lagtingssalen i Stortinget. Dommen i valdgiftsretten førte til at Sparre måtte søkje avskil frå embetet som kommanderande admiral. Også Børresen fekk så pass mykje kritikk for sine gjerningar i 1905 at han måtte søkje avskil. Etter valdgiftssaka vart Sparre sjef for den første sjømilitære distriktskommandoen, ei stilling han hadde fram til 1918.

I 1920 vart han var formann for den norske delegasjon til den internasjonale sjørettskonferansen i Genève.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Sparre var venstremann, og frå 6. november 1900 var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm i Johannes Steens andre regjering. Han gjekk ut av regjeringa 22. desember 1901, då han vart utnemnd til kommanderande admiral.

Frå 1913–15 representerte han Venstre og einmannskrinsen Horten på Stortinget. Han var då nestformann i militærkomitéen (forsvarskomitéen). Tidlegare, frå 1907–10, var han medlem av bystyret i Kristiania.

Forfattarskap og verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Sparre gav ut ei rekke bøker, i første rekke sjøfartsromanar under pseudonymet Fredrik Viller.

  • Alabama. Sjøfortælling fra den amerikanske borgerkrigens tid, Aschehoug, Kristiania, 1911
  • Norges sjøforsvar 1814-1914 (red.), Aschehoug, Kristiania, 1914
  • Kokken paa galeas «Anna & Caroline», Aschehoug, Kristiania, 1920
  • Fyrstindens livtjener, Aschehoug, Kristiania, 1921
  • Skrivemaskindamen, Kristiania, 1923
  • Verdenskrigen tilsjøs: en oversigt i populær fremstilling, Aschehoug, Kristiania, 1925
  • «Sylfiden», Aschehoug, Kristiania, 1926
  • Hun danset, Aschehoug, Kristiania, 1928
  • Det hemmelighetsfulle skib, Aschehoug, Kristiania, 1929
  • Ti tusenkrone-sedler, Aschehoug, Kristiania, 1929
  • Den hollandske koff, Aschehoug, Kristiania, 1930
  • 48 timer, Aschehoug, Kristiania, 1931

Premiering[endre | endre wikiteksten]

Christian Sparre vart i 1901 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 1903 forfremja til kommandør av 1. klasse. Han vart elles tildelt ei rekke utanlandske ordenar, samt tildelt Kroningsmedaljen 1906 og Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905-30.

Han døydde i Portland i USA den 30. november 1940.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stensland, Trond: Opprustningen av Marinen og Kystforsvaret 1895–1902. Hovedfagsoppgåve i historie. Universitetet i Oslo, våren 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]