Christian Tønsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Tønsberg

Nils Christian Tønsberg (7. desember 18136. februar 1897) var ein norsk forleggjar frå Bergen, kjend for biletverk med motiv frå norsk natur og folkeliv på 1800-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Tønsberg reiste i 1839 til Christiania for å studer jus. I juli 1845 tok han embetseksamen med beste karakter. Sidan var han tilsett som kopist i finansdepartementet, jamsides arbeidde han for fleire høgsterettsadvokatar, og dreiv auksjonsverksemd.

Udvalgte norske Nationaldragter, 1861

I 1845 syrgde Tønsberg for å gje ut Henrik Wergelands verk Hasselnødder. Tre år seinare gav han ut det storfelte Norge fremstillet i Tegninger, ei biletbok som overgjekk alle norske tidlegare bokverk i form og kvalitet. Seinare gav han ut verk som Magnus Brostrup Landstad sine Norske Folkeviser i 1853, Peter Andreas Munch si Det norske Folks Historie og Henrik Wergelands Samlede skrifter. Udvalgte norske Nationaldragter kom ut i 1861. I 1854, 1858 og 1861 gav han òg ut Norske Folkelivsbilleder.

Tønsberg fekk posten som tollkasserar i Tvedestrand i 1861. Han gjekk konkurs og måtte gå frå stillinga i 1874. Året etter fekk han ein pensjon frå Stortinget, etter forslag frå Johan Sverdrup.

Han døydde i Kristiania i 1897.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]