Christian Wollnick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Wollnick
Fødd8. oktober 1867
Død27. mars 1936 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, jurist, redaktør
Alle verv

Christian Hansen Wollnick (8. oktober 186727. mars 1936) var ein norsk offiser, journalist og jurist. Han var mykje engasjert i sosialpolitiske spørsmål og hadde klåre meiningar, mellom anna om kooperasjon og alkoholpolitikk. Med sitt stridbare sinn kom ham i situasjonar som kan karakteriserast som vanvittige. Han var stortingsmann 1919-21 for Arbeidarpartiet frå einmannskrinsen Baneheien i Kristiansand.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter gymnas var Wollnick 1885/86 lærar i Larvik. Deretter studerte han teologi, filosofi og jus ved universitetet i hovudstaden. Jamsides gjekk han frå 1888 infanterilinja ved Krigsskulen og vart vernepliktig offiser. Han vart premierløytnant i 1894 og kaptein i 1903. Etter juridisk embetseksamen i 1896 praktiserte han kunnskapen i Ringerike, Trondheim og Kristiansund.

Allereie i studietida byrja Wollnick eit liv som bladmann, då han frå 1891 til -92 var redaktør i Ørebladet. I Kristiansund var han redaktør av Møre Tidende. Gjennom sitt arbeid som bladmann la han seg ut mot mange av maktpersonane i nordmørsbyen. År 1900 vart han såleis dømt til 80 dagars fengsel for å ha sverta sorenskrivaren. Han mista redaktørjobben og vart oppsagt frå stillinga som advokatfullmektig. I staden opna han eigen advokatpraksis og kjøpte avisa.

I 1905 var Wollnick utkommandert som konstituert sjef for Fjordene bataljon, før han kom tilbake til Austlandet og var fem år i Oslo og Horten. I 1909 flytta han til Kristiansand, der han dei neste to åra var redaktør i avisa Sørlandets Social-Demokrat. I Kristiansand var han medlem i bystyre og formannskap. Han var elles formann i skulestyret ei tid. Tingbolken 1919-21 var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. I 1921 fekk han stillinga som politimeister i byen, før han så frå 1929 til han døde i 1936 var byskrivar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]