Cirrus uncinus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cirrus uncinus
Cirrus uncinus
Cirrus uncinus
Høgd Over 7000 m
Utsjånad Forma som meier eller komma
Nedbørsky? Nei
Forkorting Ci


Cirrus uncinus er ei type cirrussky. Namnet kjem av latin, og betyr «krokar». Eit norsk namn for denne typen skyer er meiskyer, kommaskyer eller kroka cirrus fordi dei er forma som ski eller meier eller eit komma. På engelsk er dei også kjent som «mares' tails» som tyder hestehalar. Desse skyene er som regel spreidd utover himmelen og er svært tynne.

Skyene oppstår høgt i troposfæren der temperaturen er -40-50 °C, og mønsteret oppstår på grunn av sterk vind i nivået under skyene. Når iskrystallane i skya fell ned i den sterke vinden, blir dei dradd raskt utover og dannar det karakteristiske mønsteret. Det kan i somme tilfelle drysse lett snø frå skyene, men den fordampar lenge før den når bakken.

Skyene er, som med vanleg cirrus, vanlegvis eit teikn på at ein varmfront eller okkludert front nærmar seg. Desse skyene vil då vere den øvste toppen, lengst borte frå fronten, og er som regel eit teikn på at nedbør er i vente innan det neste døgeret. Sidan slike skyer oppstår i samband med kraftig vind i høgda, kan det òg tyde på ein jetstraum. Dette gjer igjen at flygarar assosierer desse skyene med lett turbulens. Som oftast fører derimot ikkje denne turbulensen til særleg ubehag for mannskap eller passasjerar.