Altostratus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Altostratus
Altostratus
Altostratus
Høgd 2000-5500 m
Utsjånad Jamt, grått lag eller flak
Nedbørsky? Ja, over store område
Forkorting As

Altostratus eller lagskyer høyrer til klassen midlare skyer og oppstår mellom 2000 og 5500 m. Skyene har generelt ein jamn gråfarge, men er lysare enn nimbostratus og mørkare enn cirrostratus. Dei er òg tjukkare enn cirrostratusskyer og kan ikkje danne halo. Ofte kan det vere vanskeleg å avgjere om eit stratusskydekke høyrer til dei midlare skyene (altostratus) eller lågare skyene (nimbostartus). Vanlegvis kan ein seie at visst ein kan sjå strukturar i skyene så er det ei låg sky, og visst den er glatt og utan struktur så er det ei altostratussky.

Skyene oppstår ved at store luftmassar blir heva og kondenserer, vanlegvis i samband med frontsystem som er på veg. Altostratusskyer kan dekke store område, gjerne tusenvis av kvadratkilometer, og kan ofte føre til regn eller snø over større område visst dei er tjukke nok. Dei øvre delane av altostratusskyer kan av og til vere samansett av iskrystallar, men skyene består i hovudsak av underkjølte vassdropar. Dei er potensielt farlege for flytrafikk fordi dette kan medføre ising.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]