Nattlysande skyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lysande nattskyer over Saimaainnsjøen.

Nattlysande skyer, og kjend som noctilucente skyer eller polarmesosfæriske skyer, er eit lysande skyfenomen som oppstår eit stykke før sola står opp eller etter sola har gått ned. Dei er mest vanleg i sommarmånadane (frå midten av mai til slutten av august) mellom 50° og 70° nord og sør for ekvator.

Dei er dei høgaste skyene som kan oppstå i atmosfæren, og er å finne i mesosfæren i høgder på rundt 75-85 km. Dei er berre synlege når sola skin på dei frå under horisonten og dei lågare delane av atmosfæren er mørk. Skyene oppstår over polare strøk om sommaren i omgjevnadar som er ekstremt kalde (-160 °C), ekstremt tørr (hundretusen gonger tørrare enn Sahara) og i særs lågt trykk (hundretusen gongar mindre enn ved jordoverflata). [1]

Nattlysande skyer over Bergen
Eit av dei første satellittbileta av lysande nattskyer. Tatt over Arktis av AIM-satellitten 11. juni 2007.

Ein veit ikkje så mykje om dei lysande nattskyene, særleg fordi dei er så høgt oppe at fly og vêrballongar ikkje rekk så høgt. Skyer oppstår vanlegvis ikkje i så store høgder. I 2007 har satellitten AIM gått i bane over polområda dedikert til forsking på desse skyene. Observasjonar frå AIM tyder på at skyene roterer rundt Arktis med ein periode på fem dagar og at temperaturendringar på berre 3 °C kan få skyene til å forsvinne eller oppstå[1].

Tidlegare var ei forklaring at skyene kunne bestå av vulkansk oske eller meteorstøv, men i dag veit ein at dei hovudsakleg består av ørsmå iskrystallar (5-8 nanometer i diameter). Noctilucente skyer treng ekstremt låge temperaturar, vassdamp og ørsmå partiklar som vassdampen kan kondensere på for å oppstå [1].

Det kan sjå ut til at nattlysande skyer er eit relativt nytt fenomen sidan dei først blei rapportert i 1885, like etter eit utbrot av vulkanen Krakatoa, og ein har føreslått at dei kan vere eit resultat av klimaendringar. Dr. Michael Stevens, ein amerikansk forskar frå Naval Research Laboratory, trur at utslepp frå romfartøy kan føre til lysande nattskyar. Uansett årsak ser det ut til at skyene oppstår hyppigare og vert observert ved stadig lågare breiddegrader enn tidlegare [2]

Mars[endre | endre wikiteksten]

28. august 2006 fortalte forskarar frå Mars Express-ferda at dei fann skyer av karbondioksid 100 km over planeten Mars, som likna lysande nattskyer.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nattlysande skyer

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]