Altocumulus makrellsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altocumulus makrellsky
Makrellsky over Lincolnshire, Storbritannia.
Makrellsky over Lincolnshire, Storbritannia.
Høgd 2000-6000 m
Utsjånad Som skinnet på ein makrellfisk.
Nedbørsky? Nei
Forkorting Ac


Altocumulus makrellskyer eller berre makrellskyer er ein variasjon av altocumulusskyer og har fått namnet sitt fordi dei ser ut som skinnet på ein makrellfisk. Som med altocumulusskyer blir makrellskyene danna ved at store, fuktige luftmassar, som regel i samband med ein front, blir heva og kondenserer. I tillegg er det instabilitet som lagar dei små skydottane som skylaget består av. Den eksakte forklaringa på kvifor skyene får dette mønsteret har aldri blitt fullt ut forstått, men ein trur at det eksisterer eit vindskjer (endring med høgda av farten eller retninga til luftstraumen i skya) i skya, liknande det som fører til altocumulus undulatus. I dette tilfellet fører vindskjeret til eit innvikla bølgjemønster som dannar ein mykje finare struktur enn for undulatusskyer.

Sidan skyene som regel oppstår føre ein front blir makrellskyer i gamle vêrteikn rekna for å vere eit teikn på at vêret blir dårlegare.