Altocumulus undulatus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Altocumulus undulatus
Altocumulus undulatus
Altocumulus undulatus
Høgd 2000-5500 m
Utsjånad Bølgjeforma altocumulus
Nedbørsky? Nei
Forkorting Ac


Altocumulus undulatus er middels høge altocumulusskyer som blir danna i 2000-5500 meters høgde. Skilnaden på desse skyene og vanleg altocumulus er små bølgjer eller «krusningar» i skylaget. Kvart enkelt element eller skydott er større og mørkare enn elementa i cirrocumulus, men mindre enn dei i stratocumulus. Skyene kan dekke heile himmelen eller vise seg i flak. Tjukkleiken på skyene er som regel mindre enn 100 meter, men visst skyene er tilstrekkeleg tjukke kan dei produsere regn eller snø.

Som med andre altocumulusskyer oppstår dei gjennom heile året, og er som regel eit teikn på at eit frontsystem nærmar seg. Skyene oppstår på same måte som vanlege altocumulus: Store luftmassar blir heva og kondenserer til skyer. I tillegg til at instabilitet i lufta dannar dei kuleforma skydottane, fører vindskjer (ei endring med høgda av farten eller retninga til luftstraumane i skya) til at det oppstår bølgjer i lufta som strøymer gjennom skyene. Prosessen bak denne bølgjedanninga er den same som for altostratus undulatus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]