Cláudio Taffarel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cláudio Taffarel

Cláudio André Mergen Taffarel (fødd 8. mai 1966) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar, verdsmeister med Brasil under Fotball-VM 1994 i USA.

Taffarel var landslagsmålvakt for Brasil i tida 1987-98, då han fekk bokført 101 landskampar. Han deltok i verdsmeisterskapane 1990, 1994, 1998. I 1994 var han med om å vinne VM-pokalen gjennom straffesparkstevling mot Italia, i 1998 tapte han og Brasil VM-finalen med 1-3 mot Frankrike. Både i 1989 og 1997 vakta han målet då Brasil sigra i Copa América.

Taffarel slo gjennom hos SC Internacional i heimlandet. Frå 1990 til -93 gjorde han teneste i Parma FC. 1994-98 var han tilbake i heimlandet med Atlético Mineiro. Størst suksess som klubbspelar hadde han i tyrkiske Galatasaray. Med klubben frå Istanbul vart han tyrkisk ligameister i 1999 og året etter. Høgdepunktet kom med triumfen i UEFA-cupen 2000, der laget hans vann med 4-1 over Arsenal etter straffeskyting. Etter to år på reservebenken i Parma, la Taffarel opp i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]