Romário de Souza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Romário de Souza
Romario 2015.jpg
Romário de Souza i 2015
Personleg informasjon
Fullt namn Romário de Souza Faria
Fødselsdato 29. januar 1966 (53 år)
Fødestad Rio de Janeiro i Brasil
Høgd 169 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1985-1988 Vasco da Gama 47 (17)
1988-1993 PSV 107 (96)
1993-1995 Barcelona 48 (34)
1995-1996 Flamengo 19 (8)
1996-1997 Valencia 11 (5)
1997Flamengo (lån) 4 (3)
1998-1999 Flamengo 39 (26)
2000-2002 Vasco da Gama 46 (41)
2002-2004 Fluminense 60 (34)
2003 Al Sadd (lån) 3 (0)
2005-2006 Vasco da Gama 31 (22)
2006 Miami 25 (19)
2006 Adelaide United 4 (1)
2007 Vasco da Gama 6 (3)
2009 América 0 (0)
Totalt 448 (309)
Landslag
1987-1998 Brasil 70 (55)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Romário de Souza Faria (fødd 29. januar 1966), kjend som Romário, er ein brasiliansk politikar og tidlegare fotballspelar, fødd i Rio de Janeiro. Han vart verdsmeister i fotball med Brasil sitt landslag under VM i fotball 1994.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Romário spelte på ei mengd klubbar i inn- og utland i tida 1985-2008. Lengst spelte han for nederlandske PSV Eindhoven, der han i tida 1988-93 skåra heile 98 mål på 109 seriekampar. Han slo gjennom for CR Vasco da Gama, ein klubb han representerte både i 1985 og i 2008. Elles spelte han for FC Barcelona frå 1993 til -95, og for Rio-klubbane Flamengo og Fluminense, i tillegg til fire utanlandske klubbar i fire ulike land.

Romário debuterte for Brasil i 1987 og spelte sin 71. og siste landskamp i 2005. Han skåra heile 55 landslagmål. Høgdepunktet kom då Romário var ein sentral spelar for Brasil under fotball-VM 1994 i USA, ein meisterskap som enda med at Brasil sikra seg sin fjerde VM-tittel i fotball.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I fireårsperioden 2011-15 representerte Romário de Souza delstaten Rio de Janeiro i det brasilianske nasjonalforsamlinga. Han vart vald inn for det brasilianske sosialistpartiet, Partido Socialista Brasileiro, og hadde sete i representanthuset. Ved valet i 2014 stilte han som kandidat til senatet og vart vald med overveldande margin. Han tok plass i det brasilianske sentatet 1. februar 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]