Claus Pavels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjå også: forfattaren Claus Pavels Riis, dotterson til Pavels.

Claus Pavels
Claus Pavels.png
Fødd 1. august 1769
Vanse
Død

16. februar 1822
Bergen

Claus Pavels på Commons

Claus Pavels (1. august 176916. februar 1822)[1]var ein norsk prest og forfattar.

Pavels var fødd i Kjørrefjord i Vanse, fire månader etter faren, som var residerande kapellan, døydde. Han vart cand. theol. i 1789. I 1793 fekk han si fyrste preststilling som res. kap. i Brevik og Eidanger. Åra mellom 1796 og 1805 hadde han ymse prestestillingar i Danmark. I 1805 vart han slottsprestAkershus og samstundes sokneprest i Aker prestegjeld. År 1817 etterfylgde han Johan Nordahl Brun som biskop i Bergen, eit embete han haddde til han døydde fem år seinare.

Pavels skreiv dagbok i tida 1812-22. Dei viktigaste bolkane av desse døgbøkene vart trykt og gjeve ut i fem band i tida mellom 1863 og 1904. Ein sjølvbiografi vart gjeven ut i 1864, ei fyldigare utgåve kom i 1866. Pavels sine dagbøker er viktige kjelder til kunnskapen om menneske, politikk og kultur i samtida.

Pavels døydde i Bergen vinteren 1822.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Bugge Amundsen. Claus Pavels. Norsk biografisk leksikon. Vitja 4. september 2016.
  • Norsk Allkunnebok. IX. bandet. 1959