DS «Kong Carl»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
DS Hardangerfjord (1913) (2).jpg
DS «Hardangerfjord» i Trondheim i 1924. Foto Alf Schrøder.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Kong Carl»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Mitchell & Co. i Newcastle
Verftsnummer: 165
Sjøsett: 1868
Sett i teneste: 1913
Teke ut av teneste: 1949
Kjennemerke: JPLB/LEAP
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 450 brt
382 nrt
Lengd: 170,2 fot (51,9 m)
Breidd: 25,2 fot (7,7 m)
Djupgang: 21,0 fot (6,4 m)
Installert effekt : 600 ihk, 75 nhk
Framdrift: Dobbelsylindra kompoundmotor (Thompson & Boyd)
Passasjerar: 560 passasjerar
Generelle mål etter forlenging i 1880
Tonnasje: 653 brt
395 nrt
Generelle mål etter ny maskin i 1905
Installert effekt : 575 ihk
Framdrift: Trippel ekspansjonsmotor (Bergens MV)
Fart: 11 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Hardangerfjord»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Sett i teneste: 1913
Teke ut av teneste: 1949
Lagnad: Rigga ned til lekter og seinare hogd.
Generelle mål etter ombygging i 1913
Tonnasje: 664 brt
382 nrt

D/S «Kong Carl» var eit dampskip levert i mars 1868 for Det Bergenske Dampskibsselskab frå C. Mitchell & Co i Newcastle. Skipet var registrert for 560 passasjerar og nytta som rutefart mellom Hammerfest og Hamburg, og seinare i mange bergenske ruter langs kysten og i Nordsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1879 vart ho nytta av kong Oscar II på ei reise frå Bergen til Odda. Ho vart ombygd og modernisert i 1880, og lastekapasiteten vart auka. Ho vart igjen ombygd og modernisert ved Bergens Mek. Værksted i Solheimsviken i Bergen i 1905 med nytt dekk og dekkhus. Det vart då sett inn ein ny dampmotor som kunne gje ein fart på 11 knop.

DS «Hardangerfjord»[endre | endre wikiteksten]

Hardangerfjord i Trondheim i 1924. Foto Alf Schrøder.

Det vart i 1913 ombygd og seld til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD) for 250 000 kroner og omdøypt DS «Hardangerfjord». Den første kapteinen på skipet for HSD var K. Chr. Johannesen og då ho kom i teneste att våren 1914 var ho den største lokalrutebåten i landet. Ho gjekk i nattrute Bergen-Hardanger-Odda. På grunn av dei harde økonomiske tidene tidleg i 1920-åra var ho for stor for denne ruta og var ofte inaktiv. Ho vart leigd ut til Noregs Ungdomslag i juli 1923 og reiste til Nordkapp. Sommaren 1924 vart ho leigd ut til Bennetts Reisebyrå og vinteren 1924-1925 til Indherreds Aktie-Dampskibsselskab i Steinkjer og nytta i kystruta Bergen-Trondheim.

I 1925 gjekk ho igjen i nattrute til Hardanger og Odda, då den økonomiske situasjonen var betre. I april 1927 gjekk skipet på grunn ved Lukksund, då ho vart råka av eit kraftig uver med snø på veg til Odda. Ho flaut, men hadde eit stort hol i skroget, og heldt seg flytande til eit bergingsfartøy kom til fordi ein stor stein sat fast i holet. I 1930-åra vart ho berre nytta på sommartid og låg i opplag om vinteren.

Ho låg framleis i opplag i Bergen då Noreg vart invadert 9. april 1940. Ho vart rekvirert av tyskarane i mai det året og nytta som losjiffartøy, og seinare som transportfartøy (Verkehrsdampfer) av Luftwaffe under byggprosjekta på Herdla (inkludert flyplassen). Det meste av tida gjekk ho i fast rute mellom Bergen og Herdla. Seinare var ho i tysk kystteneste i Nord-Noreg og i 1945 vart ho nytta under evakueringa av Finnmark. 3. februar 1945 kolliderte ho med Fred. Olsen-skipet «Bravo»

«Hardangerfjord» vart funnen i Narvik i lag med DS «Vøringen» i mai 1945 og var i dårleg forfatning. Ho hadde nokre reiser med forsyningar til den allierte distriktskommandoen, før ho vart teken til Bergen i juli 1945, men ho låg ureparert og vart ikkje nytta igjen. Indherreds Aktie-Dampskibsselskab i Steinkjer og Arendals Dampskibsselskab i Arendal (som begge hadde mista kystfartøy under krigen og trong skip) såg på «Hardangerfjord», men kjøpte ho ikkje. Våren 1949 kompenserte Nortraship HSD for skadane på «Hardangerfjord» og «Vøringen» (kr. 900 000,-). I desember 1949 vart ho seld til Brødrene Anda i Stavanger for nedrigging. Ho vart omgjort til lekter og vart nytta då den tyske «Wartheland» vart hogd opp «in-situ» i Nordfjordeid. Lekteren vart opphogd av eigarane i 1950-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]