Dagfin Werenskiold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dagfin Werenskiold
DagfinWerenskiold.jpg
Fødd 16. oktober 1892
Bærum
Død

29. juni 1977
Bærum

Dagfin Werenskiold på Commons

Dagfin Werenskiold (fødd 16. oktober 1892 i Bærum, død 29. juni 1977 i Bærum)[1] var ein norsk målar og bilethoggar.

Dagfin Werenskiold vart fødd på Solberg gard i Bærum i Akershus i 1892. Han fekk teikneundervisning av faren, den kjende målaren og teiknaren Erik Werenskiold, og følgde han på studiereiser rundt i norske bygder. Men for Dagfin Werenskiold var den kunstnariske sjølvstenda viktig. I 1911 reiste han på studietur til Paris, og i 1913 til Provence. Werenskiold hadde fleire studieopphald i Frankrike frå 1920 til 1923, der han han studerte modellering, malingog skjæring blant annet hjå Antoine Bourdelle i Paris. Han reiste også på studieturar til Grønland og Italia.

Werenskiold malte bilete frå norsk bondeliv, modellerte portrett og lagde fleire relieffarbeid, blant anna bronsedørene til Oslo domkyrkje i 1937 og dei malte trerelieffa i borggarden framfor Oslo Rådhus i 1950. Han lagde og utsmykkingar ved St. Olaf College i Northfield i Minnesota i USA i 1958 og altertavler til Hornindal kyrkje i 1930 og Sandefjord kirke i 1963. Han illustrerte dessutan fleire bøker, blant anna Asbjørnsen og Moes samling av folkeeventyr, Ingeborg Refling Hagen si Den gamle pioner fra 1937 og Nordahl Rolfsen si lesebok fra 1939. Han deltok også på ei lang rekke store utstillingar i Noreg og utlandet.

Dagfin Werenskiold var lillebror til geologen Werner Werenskiold (1883–1961).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Parmann, Øistein (1967): Dagfin Werenskiolds trerelieffer. Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]