Dalsbergstien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°55′24.060″N 10°44′7.0224″E

Dalsbergstien sett austover frå Pilestredet.
Krysset der Waldemar Thranes gate går ut frå Dalsbergstien. Waldemar Thranes gate er gata som går rett fram, medan Dalsbergstien, som er å sjå heilt i framgrunnen, går ned til høgre attom treet som ei underordna sidegate fram til Ullevålsveien. Bygningen til venstre i framgrunnen er Dalsbergstien 3, der Ruth Maier budde.

Dalsbergstien er ei gate (ikkje ein stig) i Bydel St. Hanshaugen i Oslo som går vestover ut frå Ullevålsveien der Bjerregaards gate går austover. Ut frå Dalsbergstien går Waldemar Thranes gate nordaustover. Krysset mellom desse to gatene er no utforma slik at Dalsbergstien på strekninga herfrå og nordvestover til Sofies plassBislett i praksis framstår og fungerer som ein del av Waldemar Thranes gate, som er ei hovudtrafikkåre på strekninga mellom Bislett i vest og stroka aust for Akerselva. Frå Sofies plass, som Dalsbergstien passerer på sørsida, går gata vestover og munnar ut i Pilestredet på nordsida av det som opphavleg var bygningane til Frydenlunds Bryggeri. Bygningane vart overteke av Høgskolen i Oslo etter at bryggeriet vart lagt ned, og er no i bruk av Oslo Met, det andre universitetet i Oslo-området som høgskolen med tida utvikla seg til å verte. Gata er elles prega av bustadblokker frå 1880-åra, med innslag av eit par bygningar frå 1984 og 2008.

Der Waldemar Thranes gate går ut frå Dalsbergstien, ligg Dalsbergstien 3, som i si tid var eit pensjonat for unge kvinner. Her budde Ruth Maier, venninna til lyrikaren Gunvor Hofmo. Ruth Maier vart arrestert av norsk politi under andre verdskrigen, og saman med fleire hundre andre norske jødar overgjeve til den tyske okkupasjonsmakta, som 26. november 1942 sende dei frå Oslo med skipet «Donau» til døden i Auschwitz. I fortauget framfor inngangen til bygningen i Dalsbergstien 3 er det sett ned ein «snublestein» med innskrift til minne om Ruth Maier.

Dalsbergstien er ein gamal veg. Gata har namn etter feiarinspektøren og snikkarmeistaren Jens Dauelsberg (1748-1813), som eigde Dauelsbergløkka. Namnet på gata seier såleis ikkje noko om terrengtilhøva på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]