David T. Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David T. Walker
Fødd25. juni 1941 (78 år)
FødestadTulsa i USA
FødenamnDavid Tyrone Walker
Alias«David T.»
OpphavUSA
Aktiv1957 til i dag
SjangerSoul, R&B, funk, jazz
InstrumentGitar
Verka somGitarist, låtskrivar, musikar

David T. Walker (fødd 25. juni 1941) er ein USA-amerikansk gitarist i Tulsa i Oklahoma. Walker har gjeve ut femten album under sitt eige namn, og har vore ein populær studiomusikar for andre artistar.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

David Tyrone Walker[2] hadde indiansk mor og afroamerikansk far og gjekk på David Starr Jordan High School i Watts-området i Los Angeles. Han har spelt inn femte soloalbum sidan debutplata The Sidewalk i 1967. Som rytme- og sologitarist har han spelt på mange soul-, funk- og jazz-album, som Stevie Wonder sitt Innervisions; Marvin Gaye sine Let's Get It On[3] and I Want You; Carole King sitt Fantasy; The Jackson 5 sine Diana Ross Presents The Jackson 5, ABC og Maybe Tomorrow; Michael Jackson sitt Ben og Quincy Jones sitt Body Heat. Han spelte òg med comboen Afrique på afrofunk-albumet Soul Makossa.

Andre musikarar Walker har arbeidd med gjennom åra er James Brown, Ray Charles,[4] Etta James, Aretha Franklin,[1] Smokey Robinson, Martha and the Vandellas,[4] Four Tops, Diana Ross, Gladys Knight & the Pips, Billy Preston, Bobby Womack, Barry White,[1] Hampton Hawes,[5] Herbie Hancock, Lou Rawls, Willie Hutch, Jeffrey Osborne, Johnny Bristol, Solomon Burke, Cannonball Adderley,[6] B.B. King, Pharoah Sanders, Donald Byrd, The Crusaders,[7] Joe Sample, Sarah Vaughan, Sérgio Mendes, Freddie Hubbard, Stanley Turrentine,[8] Gerald Levert og Boz Scaggs.[1]

Songen hans «On Love» vart sampla på breakbeat-samlealbumet Tribe Vibes Vol. 2 av gruppa A Tribe Called Quest. Gitarriffet på Joe Sample sin «In All My Wildest Dreams» vart sampla av Tupac Shakur på songen «Dear Mama».

Walker spelte i stjernebandet til Bill Cosby i 2008 under Playboy Jazz Festival.[9]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • The Sidewalk (1967) Revue RS7207
  • Going Up! (1969) Revue RS7211
  • Plum Happy (1970) ZEA ZLP1000
  • David T. Walker (1971) Ode SP-77011
  • Press On (1973) Ode SP-77020
  • On Love (1976) Ode SP-77035
  • Swing Street Cafe (med Joe Sample, 1978) Crusaders
  • Y-Ence (1987) Alfa Moon 32XM-35
  • With a Smile (1988) Alfa Moon 32XM-69
  • Ahimsa (1989) Half Moon 28XE-2
  • Soul Food Cafe (med Soul Food Cafe, 1989) Invitation VDR-1636
  • ... From My Heart (1993) Edoya EDCP-602
  • Dream Catcher (1994) Edoya EDCP-701
  • Beloved (1995) Edoya EDCP-25005
  • Thoughts (2008) DCT UPCH-20113 (Japan)
  • 1971-1976 Best of Best (2008) Video Arts VACZ-1365 (Japan)
  • Wear My Love (2009) DCT UPCH-20113 (Japan)
  • For All Time (2010) DCT XQJS-1002 (Japan)

[10]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Vulfpeck

Med Martha & The Vandellas

Med Stevie Wonder

Med The Jackson 5

Med Marvin Gaye

Med Cannonball Adderley

Med Donald Byrd

Med Herbie Hancock

Med Freddie Hubbard

Med Bobbi Humphrey

Med Joe Sample

Med Yosui Inoue

Med Quincy Jones

Med Blue Mitchell

Med Alphonse Mouzon

Med Jeffrey Osborne

Med Marlena Shaw

Med Stanley Turrentine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Wynn, Ron. «David T. Walker». Henta 22. april 2016. 
  2. «David T. Walker Diskografi at Discogs». Discogs.com. 25. juni 1941. Henta 22. april 2016. 
  3. Nielsen Business Media, Inc. (8. september 1973). Billboard. Nielsen Business Media, Inc. s. 56. 
  4. 4,0 4,1 The Afro American Feb 27 1971 at Google News. Accessed 22. april 2016
  5. «Hampton Hawes Diskografi». Jazzdisco.org. Henta 22. april 2016. 
  6. Gilles Miton. «The Happy People». Cannonball-adderley.com. Henta 22. april 2016. 
  7. Rebecca D. Clear (1993). Jazz on Film and Video in the Library of Congress. DIANE Publishing. s. 98. ISBN 978-0-7881-1436-6. 
  8. Johnson Publishing Company (March 1976). Ebony. Johnson Publishing Company. 
  9. Walker, Chris. «Jazz Reviews: Playboy Jazz Festival - By Chris Walker - Jazz Articles». Jazztimes.com. Henta 22. april 2016. 
  10. «David T. Walker | Diskografi». AllMusic. Henta 22. april 2016. 
  11. «Official Website¦Diskografi». David T. Walker. Henta 22. april 2016. 
  12. «Swing Street Cafe: Music». Amazon.com. Henta 22. april 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]