Debbie Ferguson-McKenzie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Debbie Ferguson-McKenzie


Statsborgarskap Bahamas
Fødd 16. januar 1976 (48 år)
Nassau på Bahamas
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 1994

Debbie Ferguson-McKenzie (fødd 16. januar 1976) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Nassau i Bahamas som fekk gullmedaljen på 200 meter etter VM 2001 og som i 1999 vart verdsmeister og i 2000 olympisk meister i 4 x 100 meter stafett med Bahamas. Ho deltok på internasjonalt toppnivå i tida 1995-2013 og sanka i alt sju medaljar i ulike olympiske leikar og verdsmeisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ferguson vann si fyrste OL-medalje då Bahamas tok sølv i 4 x 100 meter stafett under sommarleikane 1996 i Atlanta, tidlegare i leikane nådde ho semifinalen på 100 meter. I juli 1999 gjorde ho unna sitt livs raskaste 200-meter då ho vart klokka inn på 22,19 sekundar ved eit stemne i St. Denis. Trass i sterke 22,28 måtte ho nøye seg med ein femteplass på distansen under VM 1999, derimot vann ho gull saman med Savatheda Fynes, Chandra Sturrup og Pauline Davis-Thompson på 4 x 100 meter stafett. Året etter sigra dei same fire kvinnene den korte stafetten også under Sommar-OL 2000 i Sydney. Individuelt i Sydney vart Ferguson nummer fem på 200 m, medan ho enda på sisteplass i 100-meter-finalen.

Under verdsmeisterskapen 2001 sprang Ferguson inn til andreplass på 200 meter på tida 22,52, Marion Jones frå USA vann løpet. I 2003 kom for ein dag at Jones då hadde vore dopa og prestasjonen hennar annullert. Ferguson fekk tildelt VM-gullet i 2004. Før den tid, under samveldeleikane 2002 i Manchester gjorde ho storeslem ved å vinne både 100 meter, 200 meter og 4 x 100 meter stafett. På 100-meteren sette ho personleg rekord med 10,91 sekundar.

Etter eit svakt friidretts-VM i 2003, viste Ferguson styrke ved å vinne bronsen på 200 meter og verte nummer sju på 100 meter under dei olympiske leikane i Aten i 2004. I VM 2007 vart ho slått ut i semifinalane både på 100 og 200 meter. Eitt år etter kvalifiserte ho seg OL-finale på dei same to individuelle sprintdistansane, og vart nummer sju i begge. Ferguson-McKenzie vann sine siste VM-medaljar då ho i Berlin i 2009 vann bronsen på 200 meter og fekk sølv med Jamaica i 4 x 100 m stafett.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1995 i Göteborg: Utslått på 200 m (23,33=nr 31). Nr 4 i stafett
  • OL 1996 i Atlanta: Sølv i 4 x 100 m stafett. Utslått i semifinalane på 100 m (11,28=nr 13)
  • VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane på 100 m (11,39=nr 12). Nr 6 i stafett
  • VM 1999 i Sevilla: Gull i 4 x 100 m stafett. Nr 5 på 200 m – 22,28. Utslått i semifinalane på 100 m (11,12=nr 9)
  • OL 2000 i Sydney: Gull i 4 x 100 m stafett. Nr 4 på 200 m – 22,37 og nr 8 på 100 m – 11,29
  • VM 2001 i Edmonton: Gull på 200 m – 22,52. Nr 5 på 100 m – 11,13
  • VM 2003 i Paris: Utslått i semifinalane på 100 m (11,27=nr 10) og i kvartfinalane på 200 m (22,98=nr 17). Nr 8 i 4 x 100 m stafett
  • OL 2004 i Aten: Bronse på 200 m – 22,30. Nr 7 på 100 m – 11,16
  • VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på 100 m (11,25=nr 14) og 200 m (23,27=nr 14)
  • OL 2008 i Beijing: Nr 7 på 100 m – 11,19 og på 200 m – 22,61
  • VM 2009 i Berlin: Bronse på 200 m – 22,41. Nr 6 på 100 m – 11,05. Sølv i 4 x 100 m stafett
  • VM 2011 i Daegu: Nr 6 på 200 m – 22,96. Utslått i 4 x 100 m stafett
  • OL 2012 i London: Utslått på 100 m (11,32=nr 19) og 200 m (23,49=nr 38)
  • VM 2013 i Moskva: Utslått i 4 x 100 m stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]