Dei to Sicilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regno delle Due Sicilie
Kongedømet Dei to Sicilia

 

1816–1861
Flagg Våpen
Flagg (1738-1848 og 1849-1860) Våpen
Nasjonalsong
Inno al Re
Plasseringa til Dei to Sicilia
Plasseringa til Dei to Sicilia
Kart over Dei to Sicilia
Hovudstad Napoli
Språk Italiensk, siciliansk og napolitansk
Styreform Monarki
Konge
 - 1816-1825 Ferdinand I
 - 1859-1861 Frans II
Historie
 - Oppretta 12. desember 1816
 - Samlinga av Italia 12. februar 1861
Areal
 - 1860 111 900 km²
Innbyggjarar
 - 1860 est. 8 703 000 
     Folketettleik 77,8 /km² 

Kongedømet Dei to Sicilia (italiensk Regno delle Due Sicilie, bokmål òg Begge Sicilier) var det nye namnet som Bourbon-kongen Ferdinand IV av Napoli, I av Dei to Sicila gav det nye riket sitt (inkludert Sør-Italia og øya Sicilia) etter slutten på napoleonskrigane og han hadde fått all makt tilbake i 1816. Hovudstaden i kongedømet var Napoli.

Overblikk[endre | endre wikiteksten]

Før dei franske invasjonane under napoleonstida herska bourbonarane over dei same områda, men dei var då formelt delt i Kongedømet Napoli og Kongedømet Sicilia. Etter at dobbeltkongedømet skifta namn vart Ferdinand kjend som kong Ferdinand I av Dei to Sicilia. Kongedømet bestod til 1860, då kong Frans II vart styrta av opprørsstyrkane til Garibaldi og støtta av kongedømet Sardinia. Dette kongedømet annekterte Begge Siciliar, og frå no av vart det nye området kalla kongedømet Italia.

Namnehistoria[endre | endre wikiteksten]

Namnet Dei to Sicilia går tilbake til 1282, då kongedømet Sicilia vart delt i to. Sjølv om det framleis vart styrt som ei eining i endå eit hundreår, skilde øya og fastlandet lag under den sicilianske aftansongen, eit opprør mot det napolitanske styre der Sicilia kom inn under Aragon. Dei angevinske napolitanske kongane klarte å halde på områda på fastlandet og haldt på namnet «Kongedømet Sicilia» for å halde kravet sitt i hevd. I ein periode vart Sør-Italia kalla «Kongedømet Sicilia på denne sida av fyret», etter fyret på fastlandssida av Messinasundet. Men dette var aldri kongedømet sitt offisielle namn.

Dei to kongedøma var ikkje igjen under same herskar før i 1735 under Karl III av Spania, og vart ikkje folkerettsleg samla før etter Wienerkongressen i 1815.

Ferdinand I av Dei to Sicila

Kongar av Dei to Sicilia, 1816-1860[endre | endre wikiteksten]

I 1860 vart kongedømmet erobra av Kongedømet Sardinia, og namnet forsvann.

Eit anna kjend medlem av Huset Begge Siciliar var Maria Christina av Bourbon-Dei to Sicilia (1806-1878)

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]