Demetrio Stratos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demetrio Stratos

Fødd22. april 1945
FødestadAlexandria i Egypt
Død13. juni 1979
DødsstadNew York i USA
FødenamnEfstratíos Dimitríou (gresk Ευστράτιος Δημητρίου)
AliasDemetrio Stratos
Aktiv1963–1979
SjangerProgressiv rock, kunstrock, eksperimentell, jazzfusion, verdsmusikk
InstrumentVokal
Piano
Orgel
Klaver
Trekkspel
steeldrum
Tilknytte artistarI Ribelli
Area
PlateselskapRicordi (1969–1970)
Numero Uno (1971)
Cramps (1972–1979)
Ascolto (1978)
Verka somSongar, låtskrivar, multi-instrumentalist, musikkforskar

Efstratios Dimitriou (22. april 194513. juni 1979), betre kjend som Demetrio Stratos var ein greskfødd italiensk musikar og musikkforskar. Han var med på å starte og var songar i det italienske progressiv rock- og jazzfusion-bandet Area.

Han vart fødd og voks opp i Alexandria i Egypt med greske foreldre og studerte piano og trekkspel ved Det greske nasjonalkonservatoriet. I 1957 vart han sendt til Nikosia (Levkosía)Kypros, og 17 år gammal flytte han til Milano i Italia for å studere arkitektur på Politecnico di Milano. Der starta han det første bandet sitt. I 1967 vart Demetrio Stratos med den italienske beat-gruppa I Ribelli, og i 1972 var han med å starte Area.

Stratos spelte inn mange plater og turnerte i Italia og Europa, Cuba og USA med Area, i tillegg til at han spelte inn plater som soloartist. Han arbeidde med mange andre musikarar som Mogol, Lucio Battisti, Gianni Sassi, Gianni Emilio Simonetti, Juan Hidalgo, Walter Marchetti, John Cage, Tran Quang Hai, Merce Cunningham, Jasper Johns, Andy Warhol, Grete Sultan, Paul Zukofsky, Nanni Balestrini, Claude Royet-Journoud og Antonio Porta.

Han studerte musikk og forska på forskjellige typar songar og avgrensingane i talespråket. Stratos hadde ei ekstrem vokal rekkevidd og klarte å nå ei høgd på 7 000 Hz og song både tostemt, trestemt og firestemt ved hjelp av si eiga stemme. Han brukte stemma som eit musikalsk instrument og nådde grensa for kva som er mogeleg å gjere med den menneskelege stemma. Dei vokale evnene hans vart utforska og dokumentert. Målet hans var å frigjere det vokale uttrykket frå det han meinte var språket sitt slaveri og fine melodiar.[1][2]

Stratos døydde på New York City Memorial Hospital den 13. juni 1979, bere 34 år gammal, etter å ha fått eit alvorleg tilfelle av aplastisk anemi. Han døydde medan han venta på ein ryggmergtransplantasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Daniela Ronconi; Demetriou Anastassia. «Demetrio Stratos» (på italiensk). www.demetriostratos.it. Henta 19. juni 2013. 
  2. Borella, Mike; Sjef Oellers (25. februar 2001). «Area: International POPular Group». Ratings. Gnosis. Henta 19. juni 2013. «Originally written in the Spring of 1995 and published in Expose #7, s. 4-7; updated in February 2001»