Den polsk-ukrainske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den polsk-ukrainske krigen var ein krig mellom Polen og Ukraina frå 1. november 1918 til 17. juli 1919 og dreidde seg om kontrollen over den austlege delen av Galizia.

Det var komplekse nasjonalitetstilhøve i den austerriksk styrte provinsen Galizia. Særleg var det maktkamp mellom polakkar og ukrainarar, som begge hadde nasjonalistiske rørsler, med motsette mål.

Galizia var eit stort område, der polakkane var i fleirtal i vest, der mellom anna byen Krakow ligg, medan ukrainarane var i fleirtal i den austlege delen, der mellom anna byen Lviv ligg (i sjølve byen Lviv var ukrainarane elles ikkje i fleirtal – det var fleire polakkar og jødar der). Ukrainarane ønskte å dele Galizia i to, medan polakkane ikkje ville det.

Da Austerrike-Ungarn kollapsa i 1918, vart det skipa eit ukrainsk nasjonalråd, Rada, som vedtok at dei ville opprette ein stat i heile Vest-Ukraina. I månadsskiftet oktober-november tok ukrainsk milits kontroll over Lviv. Den vest-ukrainske folkerepublikken vart proklamert med Lviv som hovudstad. Denne staten kravde kontroll over Aust-Galizia, inkludert delar av Karpatane, Volhynia, karpatisk Ruthenia og Bukovina. I Lviv var ukrainarane entusiastiske, jødane nøytrale og polakkane sjokkerte.

Polsk milits vart skipa og starta væpna motstand. Ei eining polske soldatar kom til byen etter to veker med kamp, og jaga ukrainske styrkar ut. Men dei heldt fram kampen utanfor byen til mai 1919. Etter å ha teke Lviv, oppretta polske styresmakter elles interneringsleirar for ukrainske aktivistar.

I desember 1918 braut kampane ut i Volhynia, men polakkane vann viktige sigrar i 1919 da nye velutstyrte hæravdelingar kom til frå Polen. Dei hadde òg franske militærrådgivarar og utstyr, som eigentleg skulle brukast mot bolsjevikane, men som polakkane også bruka mot dei ukrainske nasjonalistane. Ukrainarane heldt fram kampen, og pressa polakkane tilbake. Men snart måtte dei avblåse offensiven på grunn av mangel på ammunisjon. Josef Pilsudski leidde no dei polske styrkane og dreiv ukrainarane tilbake, svekte som dei var av mangel på skot og anna utstyr.

Den 17. juli vart ei våpenkvile underteikna. Den 21. november 1919 gav leiinga for Fredskonferansen til sigersmaktene i Paris Aust-Galizia til Polen. Den 21. april 1920 skipa Pilsudski og den ukrainske leiaren Semen Petlura ein allianse, der Polen lova Petlura støtte i Kiev-offensiven mot Den raude hæren til gjengjeld for at han god-tok å miste Aust-Galizia. Dette føre til at vest-ukrainske leiarar gjekk i eksil i Wien. Dei påverka britiske og franske leiarar, med det at dei viste til det tvillause ukrainske fleirtalet i området, og Folkeforbundet vakla og syntest i 1921 vere huga på å trekkje tilbake god-takinga av Polen sin kontroll der. Men etter at Polen hadde lova autonomi for Aust-Galizia, gav Folkeforbundet Polen rett til å styre der. Polen braut lovnaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den engelskspråklege wikipediaen.