Hopp til innhald

Denis Spitsov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denis Spitsov


StatsborgarskapRussland
Fødd16. august 1996 (29 år)
Vozjega
Idrettlangrenn
Tok del i Langrenn under Vinter-OL 2018 – 15 kilometer fristil menn, Langrenn under Vinter-OL 2018 – 50 kilometer klassisk menn, Langrenn under Vinter-OL 2018 – 30 kilometer skiathlon menn, Langrenn under Vinter-OL 2018 – 4 × 10 kilometer stafett menn, Langrenn under Vinter-OL 2018 – Lagsprint menn, Langrenn under Vinter-OL 2022 – 50 kilometer fristil menn, Langrenn under Vinter-OL 2022 – 30 kilometer skiathlon menn, Langrenn under Vinter-OL 2022 – 4 × 10 kilometer stafett menn
Utmerkingar Venskapsordenen, æra meister av idrett i Russland, Æresordenen

Denis Sergejevitsj Spitsov (fødd 16. august 1996) er ein russisk langrennar frå Vozjega i Vologda oblast. Han vann to stafettsølv og ein individuell bronse under dei olympiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang.

Spitsov har delteke i verdscupen i langrenn sidan desember 2017. Under renna i Davos kom han då på sjuandeplassen i 15 km fristil. Den 7. januar 2018 fekk han sin fyrste pallplassering i verdscupen, etter som han hadde tredje beste tid på den avsluttande motbakke-etappen i Tour de Ski 2018.

Spitsov markerte seg særleg under Vinter-OL 2018. På tremila vart han nummer fire, slått av dei tre norske utøvarane Simen Krüger, Martin Sundby og Hans Christer Holund. Fem dagar seinare, den 16. februar, gjekk Spitsov inn til bronse på 15 km fristil, ei tevling sveitsaren Dario Cologna vann, med nemnde Krüger få sekund føre Spitsov, og med Sundby på plassen etter. Både den 18. og 21. februar vann Spitsov OL-sølv. Fyrst gjekk han i par med Aleksandr Bolsjunov i sprintstafetten, medan han som ankermann i 4 x 10 km stafett måtte gje tapt for norske Johannes Klæbo i kampen om å vinne OL-gullet.

Vinteren 2019 makta ikkje Spitsov å prestere på same nivå som i OL-sesongen. Han oppnådde likevel å stå på toppen av sigerspallen i verdscupen for fyrste gong, med di han og Russland vann 4 x7,5 km stafett i Ulricehamn i Sverige.