Hans Christer Holund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Christer Holund
20190303 FIS NWSC Seefeld Men CC 50km Mass Start Hans Christer Holund 850 7225.jpg
Fødd 25. februar 1989
Oslo
Yrke langrennsløpar
Hans Christer Holund på Commons

Hans Christer Holund (fødd 25. februar 1989) er ein norsk langrennsløpar som vart verdsmeister på femmila under Ski-VM 2019 i Seefeld, eitt år etter han vann bronsemedaljen på tremila under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Han er medlem av Ski- og fotballklubben Lyn i Oslo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Holund vart juniorverdsmeister på 10 km i 2008. I 2013 delte han tredjeplassen i 50 km fellesstart med Øystein Pettersen under noregsmeisterskapen på Løten. Vinteren 2015 tok han i januar NM-sølv i 15 km fristil på Røros, 17 sekundar bakom gullmedaljør Anders Gløersen. Vel to månader seinare sikra han seg NM-bronsen på 50 km fellesstart i Harstad, slått av noregsmeister Eirik Brandsdal og Didrik Tønseth.

Holund fekk sitt internasjonale gjennombrot på ei tremil i Lahti den 21. februar 2016, der han vart nummer tre av dei fem norske utøvarane som toppa resultatlista med Martin Sundby øvst. Eitt år seinare, 19.2.2017, vart han atter nummer tre i eit verdscuprenn, 15 km fristil. Han deltok på femmila då Ski-VM 2017 fann stad i Lahti og enda som tiandemann.

I byrjinga av neste sesong, den 6. desember 2017, tok Holund på Lillehammer sin tredje tredjeplass i verdscupen i ei tevling over 30 km. To månader seinare vann han bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang, bak landsmennene Simen Krüger og Martin Sundby.

Både i 2016 og 2017 var Holund med å vinne NM-stafetten over 3 x 10 km for Lyn, begge åra saman med Simen Krüger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]