Simen Krüger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Simen Krüger
Fødd 13. mars 1993
Noreg
Yrke langrennsløpar

Simen Hegstad Krüger (fødd 13. mars 1993) er ein norsk langrennløpar frå Oslo som vann to olympiske gullmedaljar og ein sølvmedalje under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Han er medlem i Ski- og fotballklubben Lyn i Oslo.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Krüger tok sølvmedalje på 15 km fri teknikk under U23-VM på ski 2015 i Almaty, 9,5 sekund bak tyske Florian Notz og 17,2 sekund føre franskmannen Adrien Backscheider.

I Noregsmeisterskapen på ski 2016 vann Lyn 3 & 10 km stafett med eit lag beståande av Krüger, Jonas Frorud, Hans Christer Holund,[1] ein prestasjon dei gjentok året etter. Under U23-VM på ski 2016 i Râșnov tok han gull på 15 km fri teknikk, føre franskmennene Clement Parisse og Alexandre Pouye. På tampen av 2016-sesongen tok han NM-bronsen på 10 km då Ski-NM 2016 vart avslutta på Beitostølen, slått av Martin Sundby og Emil Iversen.

Krüger fekk sin fyrste pallplass i verdscupen då han i Toblach vart tredjemann i ein etappe under Tour de Ski 2017. Knapt 12 månader seinare, tok han same staden sin fyrste siger i eit verdscuprenn laurdag 16. desember 2017. På eit gnistrande føre vann han 15 km fristil på tida 29.58,8 og slo franske Maurice Manificat med vel 10 sekundar. Fire veker seinare vart han på Vang i Hedmark norsk meister i 15 km fristil, med over eit halvt minutts forsprang til andremann. Sundag 11. februar 2018 vann han den olympiske gullmedaljen på 30 km i Pyeongchang, med landsmennene Martin Sundby og Hans Christer Holund på sølv- og bronseplass. Der etter gjekk han inn til sølv på 15 km fristil, før han med ein flott tredjeetappe i 4 x 10 km la grunnlaget for at Johannes Klæbo kunne ta Noreg inn til OL-gull, dei andre på laget var Didrik Tønseth og Martin Sundby.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Resultat NM Tromsø - Stafett - Menn 2016.