Dennis Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dennis Mitchell
Statsborgarskap USA
Fødd 20. februar 1966 (58 år)
Havelock
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Dennis Allen Mitchell (fødd 20. februar 1966) er ein tidlegare USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Sør-Carolina som åra 1991-93 vann to VM-gull og eitt OL-gull i 4 x 100 meter stafett og bronsemedaljen på 100 meter i VM 1991, Sommar-OL 1992 og VM 1993.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mitchell vart fjerdemann på 100 meter under dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul. Året etter vart han nordamerikansk studentmeister på 200 meter.

Sommaren 1991, ei veke før Friidretts-VM, deltok Mitchell på USA sitt lag som i Zürich sette verdsrekord i 4 x 100 m stafett med tida 37,67 sekundar. Under verdsmeisterskapen i Tokyo sprang han inn til bronse på 100 meter på 9,91, dagar seinare sprang han ein etappe på USA-laget som forbetra verdsrekorden til 37,50. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona tok han ein ny bronsemedalje på 100 meter, bakom briten Linford Christie og Frankie Fredericks frå Namibia. Saman med Michael Marsh, Leroy Burrell og ankermann Carl Lewis syrgde Mitchell for gull til USA i 4 x 100 m stafett og verdsrekord på 37,40. Ved verdsmeisterskapen i Stuttgart året etter vann Mitchell si tredje bronsemedalje på 100 meter og si tredje gullmedalje i 4 x 100 m stafett, med eit lag som elles bestod av Jon Drummond, Andre Cason og Leroy Burrell.

Ved dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 kom Mitchell på fjerdeplass på 100 meter. I 4 x 100 meter stafett vann han og lagkameratane Drummond, Tim Harden og Michael Marsh sølv, slått av laget til Canada. Den 7. september 1996 sette Mitchell personleg rekord på 100 m med tida 9,91 sekundar ved eit stemne i Milano.

35 år gammal kvalifiserte Mitchell seg til sitt siste store meisterskap. Under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton deltok han atter på eit USA-amerikansk som sprang i mål til fyrsteplass og gull, ein medaljeplass som seinare vart annullert då det kom for ein dag at Tim Montgomery hadde vore dopa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]