Det allrussiske utstillingssenteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det allrussiske utstillingssenteret

Offisielt namnВыставка достижений народного хозяйства (ВДНХ),
Vystavka dostizjenij narodnogo khoziajstva (VDNKh) )
StilStalinistisk arkitektur
Kart
Det allrussiske utstillingssenteret
55°49′47″N 37°37′56″E / 55.829722222222°N 37.632222222222°E / 55.829722222222; 37.632222222222

Det allrussiske utstillingssenteret er ein messehall i Moskva. Han ligg nordaust i byen i Prospekt Mira, like ved metrostasjonen VDNKh. Det offisielle namnet på komplekset har enra seg fleire gomger. I 2014 gjekk det attende til Vystavka dostizjenij narodnogo khoziajstva (VDNKh), 'Utstilling av oppnåingane til nasjonaløkonomien'. Senteret blir brukt til konferansar, utstillingar, festivalar og konsertar.[1]

Vitjande ved Det allrussiske utstillingssenteret i 2019.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dagens utstillingssenter opna i 1939, etter fleire år med usikkerheit. Senteret skulle eigentleg ha vore klart i 1937, men Stalin fekk personleg utsett opninga. I 1938 blei opninga utsett igjen då det blei avgjort at paviljongane ikkje passa med landet sin «ideologiske retning».

Under andre verdskrigen var senteret stengt, og det opna ikkje igjen før i 1954 . I etterkrigstida var senteret vert for over 300 nasjonale og internasjonale utstillingar kvart år, i tillegg til mange konferansar og seminar. Dei årlege besøkstala var på rundt 11 millionar, der 600 000 var utlendingar. I 1989 hadde utstillingssenteret 82 paviljongar på tilsaman 700 000 kvadratmeter.

Det allrussiske utstillingssenteret omfattar no 2 375 000 kvadratmeter med utstillingsplass. Av desse er 266 000 kvadratmeter innandørs, fordelt på omtrent 400 bygningar. Dette gjer at arealet til senteret er større enn fyrstedømet Monaco.

Senteret er kjend for den 24 meter høge stålstatuen Arbeidar og kolkhozkvinne, laga av Vera Mukhina til verdsutstillinga i 1937.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «About VDNH», vdnh.ru, arkivert frå originalen 12. november 2015, henta 29. september 2019